Hopp til innhold

Hedda droppar lærlingtida og vil halde fram på skulebenken – det ønskjer ikkje næringslivet

Skuleelevar på yrkesfag vil heller studere vidare enn å bli lærling. Samstundes skrik næringslivet etter arbeidskraft og ønskjer seg ungdom rett ut i arbeid.

Hedda Førde Nordal

VIL STUDERE MEIR: Hedda Førde Nordal ønskjer å ta påbygg i Florø i staden for å bli lærling. Ho er langt frå den einaste. Denne utviklinga mislikar næringslivet og politikarar.

Foto: Dina Gjertine Kleiven, Firdaposten

– Eg ønskjer å ha større moglegheiter til å studere vidare, og då blir påbygg det rette for meg, seier Hedda Førde Nordal, snart 18, frå Florø.

Ho har lagt bak seg to år på «naturbruk med hest» på Mo og Øyrane vidaregåande skule i Førde. Ho kunne teke steget vidare og blitt lærling.

Men dette ønskjer ikkje sunnfjordingen. Ho vil heller sikre seg generell studiekompetanse, som ho treng om skal søkje høgre utdanning. Då må ho halde fram på skulen og ta påbygg vg3.

Det var Firdaposten som først skreiv om 17-åringen.

Hedda Førde Nordal

Hedda Førde Nordal har gjennom to år på yrkesfag fått halde på med den store lidenskapen sin. No ønskjer ho å sikte mot høgare utdanning, og då må ho hoppe av yrkesfag.

Foto: privat

Førde Nordal er langt frå den einaste som droppar å bli lærling.

Fryktar utviklinga

Næringslivet er bekymra over utviklinga. Dei ønskjer at yrkesfagelevane går ut som lærlingar og tek fagbrevet.

Innan helse og oppvekstfag, som er det største yrkesfaglege utdanningsprogrammet i Vestland, ønskjer halvparten seg vidare til påbygg.

Berre ein tredjedel går ut i lære.

Det har vore ei politisk målsetjing om at fleire unge skal velje yrkesfag, og her peiker også pilene oppover. I Vestland vel 56 prosent av dei vidaregåande elevane denne retninga.

Problemet er altså at yrkesfag-ungdommen ikkje går «løpet ut» og får fagbrev.

Karianne Torvanger, leiar i Hovudutval for opplæring og kompetanse hos Vestland fylkeskommune, er bekymra over det ho ser.

I år er det nær 50 fleire unge i Vestland som søkjer påbygg enn på same tid i fjor.

Bilde av en kvinne som står foran en blå roll-up.

Karianne Torvanger, leiar i Hovudutval for opplæring og kompetanse hos Vestland fylkeskommune, seier påbygg er eit tøft år, og at fleire yrkesfagelevar nok undervurderer dette når dei søkjer seg til dette.

– Eg likar ikkje denne utviklinga, for det betyr at vi ikkje nødvendigvis greier å utdanne fleire fagarbeidarar, seier Torvanger, og legg til:

– Det er eit skremmande tal på kor mange fagarbeidarar vi kjem til å mangle i åra framover. Difor tek vi dette på høgste alvor og gjer det vi kan for å utdanne flest mogleg fagarbeidarar.

Det er også mogleg å ta påbygg etter lærlingtida og fagbrevet. Dette vg4- tilbodet har fylkeskommunen auka opp med to nye klasser på Sotra og Sandsli.

Vil ha færre påbygg- klasser

Roger Pilskog, regionleiar i LO Vestland, deler uroa over få lærlingar i Noreg.

Han seier dei difor vil ha ned talet på påbygg-klasser.

Roger Pilskog, distriktssekretær LO Hordaland

Roger Pilskog, regionleiar i LO Vestland, meiner dei unge må vite nok om arbeidsmarknaden slik at dei tek rett val.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Men dersom ein reduserer påbygg-klassene, vil ikkje det bli eit problem for dei unge som ombestemmer seg i løpet av yrkesfag-tida?

– Jo, men denne nedtrappinga må skje litt på sikt. Vi må også kommunisere dette ut til dei unge: startar du på yrkesfag, så bør intensjonen vere å fullføre, seier Pilskog.

Dei unge må også få nok informasjon om at eit år på påbygg ikkje er ei lett løysing for å skaffe seg generell studiekompetanse. Strykprosenten på påbygg er nemleg svært høg, fortel han.

NHO ser også med uro på utviklinga.

– Vi i næringslivet er bekymra. Vi treng all kompetanse ut i arbeidslivet raskast råd, seier Ann- Kristin Kristoffersen, rådgjevar i NHO Vestland.

Ho viser til at 2 av 3 bedrifter har eit udekt kompetansebehov.

Dei unge må difor vite kor viktig arbeidserfaring er, og at det ikkje nødvendigvis er arbeidslivet sitt behov at ungdommen set seg på skulebenken for å ta påbygg, fortel ho.

Kjetil Tvedt, fagsjef i Norsk Industri, bekreftar at dei har eit stort behov for lærlingar, og at det har vore slik i mange år.

Øivind Høines i avdeling for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune, seier det er bra at unge på yrkesfag tek studiekompetansen, men han har eit klart råd:

– Dersom søkjaren veit at dei vil ta høgare utdanning, er det best å ta eit studieforbredande tilbod.

– Dårleg løysing å tvinge unge ut som lærlingar

For 17 år gamle Hedda Førde Nordal har det aldri vore planen å bli lærling. Ho vurderer nemleg å bli politi.

Men skal ho få til dette, må ho altså ha påbygg frå vidaregåande skule. Utfordringa er at det ikkje er nok plassar i heimbyen Florø i påbygg. No står ho på sjuande plass på venteliste.

Ho synest det burde vore nok plassar til alle.

– Men næringslivet seier dei har behov for fleire lærlingar, kva tenkjer du om det?

– Eg forstår det godt, men det blir feil å ikkje prioritere nok plassar i påbygg. Då føler dei unge at dei blir tvungne ut som lærlingar, og det er i alle fall ikkje ei god løysing. Om eg skulle blitt lærling, så er det fordi eg har lyst til det, ikkje fordi politikarar eller fylkespolitikarar vil det.