Hedda (20) briljerer i rallycross: – Ikkje den sporten jenter flest blir introdusert for

Hedda Hosås var 15 då ho og broren fekk vere med faren på bilcrossløp. – Han trudde vel at broderen skulle blir meir interessert enn meg, men det vart vel heller motsett.

Hedda Hosås

TALENT: Hedda Hosås blir rekna som eit stort talent i motorsportverda.

Foto: Jon Tøn / Flor/Hunnalvatn Media

Sidan den gang var det ingen veg tilbake. Løpet var køyrd, både bokstavleg og i overført tyding.

– Etter det klarte eg ikkje å stoppe, ler ho.

Den siste tida har ho vunne første plass i Vestlandsmesterskapet, samt Bergenmesterskapet samanlagt i rallycross junior.

Det er adrenalinet og samhaldet, svarar ho på spørsmålet om kva ho likar best med motorsporten.

Miljøet er godt. Dei er fiendar på bana, men vener frå augneblinken dei går inn i depotet, der bilane står oppstilt etter løpet.

I både bilcross og rallycross køyrer ein på bane med underlag av grus eller blanda dekke. Bilcross er ofte nybyrjarar sitt fyrste møte med motorsport. Hedda har tatt steget vidare til rallycross, ein dyrare og heftigare variant.

I rallycrossen må ein bruke køyretøy som er tilpassa for å tole påkjenninga bilen blir utsett for. Det går raskare, men kostar også meir.

Hedda Hosås

ADRENALIN: For å bli god må ein like fart og spenning, men også ofre mykje tid for å trene opp mot konkurranseløp, seier rallycrosskøyrar Hedda Hosås.

Foto: PRIVAT

– Ikkje noko problem å vere jente

Å vere jente i ein mannsdominert sport er ikkje noko problem, ifølge vossingen.

– Det har blitt fleire og fleire damer, noko eg er veldig glad for. Du kan vere minst like god, men motorsport er gjerne ikkje det du blir presentert for som lita jente, så dei startar ofte seinare enn gutar.

I bilcross har ein fått eigne dameklassar, fortel ho. Ikkje fordi dei ikkje kan konkurrere mot mennene, men fordi mange damer byrjar seinare og har mindre erfaring.

– Det handlar om at det skal vere kjekt for dei også. Mange damer byrjar med motorsport seinare, og då kan det vere skummelt å skulle konkurrere mot førarar som har køyrd i 30 år, forklarar ho.

Hedda Hosås

KONKURRANSE: Hedda Hosås har i det siste vunne første plass i Vestlandsmesterskapet, samt Bergenmesterskapet samanlagt i rallycross junior.

Foto: PRIVAT

Utvald av britisk motorsportlag

I slutten av oktober skal Hedda halde til ei veke i Italia. Ho har nemleg blitt vald ut av det britiske rallycrosslaget Veloce Racing til å delta i i den profilerte serien Extreme E.

Extreme E er ein racing serie som arrangerer løp i område øydelagt av klimaendringane for å setje fokus på problemet. For å få fleire unge talent inn i serien, arrangerer dei ein såkalla Rookie-test, der unge førarar blir invitert til å køyre.

– Dette er ein veldig stor moglegheit for meg. Håpet er å ein gang kunne få betalt for å køyre.

Hedda har eitt år att som bilmekanikarlærling, ei utdanning som kjem godt med i det som no er ein lidenskap, men som seinare, om alt går vegen, kanskje kan bli eit levebrød.

– Det er dette eg vil satse på, og eg håpar at eg på eit tidspunkt vil kunne leve av det.