Havyard-tilsett koronasmitta

Ein utanlandsk arbeidar ved verftet Havyard i Hyllestad har testa positivt på covid-19, skriv Firda. Mannen kom frå Polen torsdag og testa seg då han landa på Flesland. Sju personar som er rekna som nærkontaktar, er sett i karantene.