Hopp til innhold

Havila gir opp Fjord1-krav

Reiarlaget Havila er villig til å gi opp styreleiar og vetorett om dei får kjøpe seg opp i Fjord1-konsernet.

Per Sævik

TREKKJER KRAV: Alt tyder på at administrerande direktør Per Sævik møter til forhandlingsbordet utan krav om å få styreleiaren og vetorett i spørsmål om utbytte frå Fjord1.

Foto: Trond Vestre / NRK

I juni sette Havila fram bastante krav om å få styreleiaren og å ha vetorett i spørsmål om utbytte frå Fjord1 .

Ein månad seinare er administrerande direktør i Havila, Per Sævik, villig til å forhandle dette vekk.

– Ja, eg trur i praksis så er vi opne for å forhandle om det meste, seier han.

– Ingen kommentar

Det pågår eit høgt forhandlingsspel om framtida til transportkonsernet Fjord1. Fylkestinget i Møre og Romsdal har sagt ja til å selje sine 41 prosent i selskapet for over 360 millionar kroner.

Men hovudeigar Sogn og Fjordane har forkjøpsrett og måndag møtast reiarlaget og fylkeskommunen ved forhandlingsbordet. Verken fylkespolitikarar eller fylkesrådmann Jan Øhlckers vil kommentere utspelet frå Havila.

– Eg har ikkje lyst til å kommentere spesielt dei tinga som no er på forhandlingsbordet, men eg opplever at vi har ein god dialog, seier Øhlckers.

Må bli samde

Havila har frist til tysdag for å stadfeste avtalen med Møre og Romsdal fylkeskommune.

Difor er det avgjerande å kome til semje med Sogn og Fjordane på måndag, seier Sævik.

– Det er jo det som avtalen med Møre og Romsdal heng på, at vi skal ha ein aksjonæravtale med Sogn og Fjordane, seier Sævik.