Hopp til innhold

Spanderer ny båt til 110 millionar

Fiskeriministeren tok spanderbuksene på under sitt første besøk på Vestlandet, og gav Havforskingsinstituttet 110 millionar kroner til nytt skip.

FORSKNINGSSKIP: Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) gir 170 millioner kroner til Havforskningsinstituttet.

FORSKINGSSKIP: Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) gav 170 millionar kroner til Havforskingsinstituttet. 110 av millionane skal gå til eit nytt forskingsskip.

Foto: Elias Håvarstein

– No må eg få lov å komme med eit brøl. Hurra, sa havforskingsdirektør Sissel Rogne.

Ho fekk besøk av fiskeriminister Ole Emil Ingebrigtsen (H) på Havforskingsinstituttet sin forskingsstasjon i Austevoll fredag.

Anledninga var at Havforskingsinstituttet har fått ein del av den maritime krisepakken frå regjeringa.

Nesten alle pengane, 110 millionar kroner, skal gå til eit nytt forskingsskip. I tillegg skal 60 millionar kroner skal gå til vedlikehald og oppgradering av den flåten dei har i dag.

Frå Helgeland og nordover

– Vi har jobba for å få eit kystfartøy i mange år, så prosjektet er gryteklart, seier Rogne.

Skipet som skal byggjast skal i hovudsak brukast langs Helgelandskysten og nordover. Skipet skal fyllast med teknologi som styrker forvaltinga av kysten.

Støtta til forskingsinstituttet er ein del av regjeringa sin grøne krisepakke på 3,6 milliardar kroner.

Pakken skal gå til ekstra tiltak for å støtte næringslivet og samtidig få ned klimagassutslepp i Noreg.

Skisse av skipet Havforskningsinstituttet har fått støtte til.

SKISSE AV SKIPET: Desse teikningane presenterte Havforskingsinstituttet av skipet i dag.

Foto: Havforskningsinstituttet

Set berekraft i kapteinsstolen

– Den beste måten me kan få ei kunnskapsbasert og berekraftig utvikling av næringa i havet i framtida, er ved å vita mest mogeleg om det som går føre seg i havet, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H)

Den maritime næringa meiner summen regjeringa kom med var skuffande og tafatt.

Hjå Havforskingsinstituttet deler dei ikkje det synet.

– Me vil ha reine og rike hav. Det gir god næringsutvikling langs kysten. Me må ha god forsking og forvalting for å sikra berekrafta i hava. Me kan ikkje gjera kompromiss på berekraft, seier Rogne.

Vil byggja båten i Noreg

Pengane kan bli viktige for å få hjula i gong att etter koronakrisa, meiner Ingebrigtsen.

– Både verfts- og leverandørindustrien kan ha gode mogelegheiter til å få seg oppdrag her, seier han.

– Dette er vinn-vinn for havforskinga, verftsindustrien, forvaltinga av kysten og undervisning. Å få bygga desse på norske verft og utstyra dei med norsk teknologi vil få store ringverknader for kystnæringane, seier Rogne.