Hopp til innhold

Havforskarane vil til Russland

Havforskingsinstituttet sender ny søknad om å få forska i russiske havområde i vinter. I fjor vart norske forskarar for første gong nekta tilgang. Forskingsdirektør Geir Huse seier positive signal frå Russland gir håp om at dei to landa igjen kan samarbeida om havforsking og forvaltning av fiskebestandane i Barentshavet.

Forskingsskipet Johan Hjort
Foto: Gunnar Sætra, Havforskingsinstituttet