Hopp til innhold

Nye råd etter tunnelbrann: Må bli lettare for folk å komme seg ut

32 personar vart evakuerte og fleire sendt til sjukehus i den dramatiske brannen i Gudvangatunnelen. Brannen har ført til at Havarikommisjonen vil ha fleire tiltak i norske tunnelar.

Brann i vogntog i Gudvangatunnelen

TUNNELBRANN: På få år brann det tre gongar i Gudvangatunnelen. Slik såg det ut då brannvesenet frå Voss kom fram til brannen i 2019.

Foto: Voss brannvesen

To personar måtte gå over ein kilometer for å kome seg ut frå Gudvangatunnelen då dei flykta frå brannen.

I 22 minutt var desse eksponert for den potensielt dødelege røyken. Med lys frå sine eigne mobiltelefonar måtte dei finne veg ut i den mørke tunnelen.

Den dramatiske hendinga i Gudvangatunnelen skjedde då det tok fyr i eit vogntog natt til laurdag 30. mars for halvanna år sidan.

No vil Havarikommisjonen gjere det enklare for folk å berge seg trygt ut av ein tunnel under brann. Det kjem fram i ein fersk rapport frå kommisjonen.

I rapporten, som først var omtalt av BT, kjem det tydeleg fram at Vegvesenet bør sete i verk tiltak. Dei vil kompensere for manglande naudutgangar og alternativ friskluft for trafikantar som blir fanga i røyk i lange tunnelar med eitt laup.

– Vi ønskjer å redusere faren for at folk blir eksponert for røyk, seier avdelingsdirektør i Statens havarikommisjon Rolf Mellum.

Utstyr som kan verne personar mot røyk og giftige branngassar kan vere løysinga.

Bruk av ventilasjonsanlegget, lyssetting og nødvarsling er dei viktigaste som skal hjelpe i tilfelle brann.

Brannen i Gudvangatunnelen

SKADER: Brannen gjorde at Gudvangantunnelen fekk store skader.

Foto: Silje Drevdal / Statens vegvesen

Tre brannar på seks år

Det var arbeid i tunnelen då brannen oppstod, og vogntoget køyrde i kolonne saman med tre andre vogntog.

I rapporten er det trekt fram at det ikkje var radiosamband mellom leigebil og arbeidarane i tunnelen.

Likevel klarte føraren av leigebilen å få varsla både arbeidarane i tunnelen, og Vegtrafikksentralen som igjen fekk varsla naudetatane.

Brannen var den tredje på få år i tunnelen på E16 i Aurland. Den første skjedde i 2013 då eit vogntog tok fyr. I 2015 var det brann i ein turistbuss i same tunnel.

Også etter desse hendingane kom det fleire tryggleikstilrådingar frå Statens havarikommisjon. I rapporten som kom i dag viser også kommisjonen til desse tilrådingane.

Ukjend årsak

– Vi har dessverre ikkje lukkast å finne ei brannårsak, seier Mellum.

Han seier dei har gjort grundige undersøkingar for å finne årsaka til brannen i 2019, og har fleire hypotesar, utan at dei kan slå fast noko.

Føraren hadde fått motorvarsel i kontrollpanelet like før brannen, står det i rapporten. Varselet sa ikkje noko om kva som skjedde, berre at føraren måtte køyre til ein verkstad.

Kort tid etterpå sto vogntoget i full fyr.

Utbrent vogntog etter brann i Gudvangatunnelen, mars 2019

TREKKVOGN: Slik såg trekkvogna ut etter brannen.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Skal ta læring

Statens vegvesen er mottakar av tilrådingane Havarikommisjonen kjem med.

– Vi skal sjå på tiltaka dei tilrår, og om det er andre ting som kan vi kan ta læring av, seier Svenn Egil Finden, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Han seier Havarikommisjonen er kjend for å gjere eit svært godt og grundig arbeid, og peiker på at det er gjort fleire tiltak i tunnelar dei siste åra.