Hopp til innhold

Havarikommisjonen: – Tryggleiken kan heilt klart bli betre

Fire vogntogulukker er granska av Statens havarikommisjon. Dei meiner at transportkundar må ta eit større tryggleiksansvar.

Vogntog involvert i ulukka på riksveg 3 i Stor-Elvdal

ULUKKE: Ein person blei hardt skadd på riksveg 3 i Stor-Elvdal i Hedmar.

Foto: Politiet

Rapporten til Havarikommisjonen slår tydeleg fast: Tryggleiksnivået i vegtransportnæringa må styrkast.

– Dette er ein av dei viktigaste rapportane som har kome på lenge, seier Geir A. Mo, administrerande direktør i Lastebileigarforbundet.

Han meiner det er viktig at dei som kjøper transport blir haldne meir ansvarlege. Særleg vert problemet stort når kundar brukar billeg utanlandsk transport, seier Mo.

Rapporten tek utgangspunkt i fire alvorlege vegtrafikkulukker vinteren 2019. I alle desse var det personskadar, og i ei av ulukkene døydde ein person.

Kundeansvar

Desse fire ulykkene skjedde trass i at sikkerheitstiltak vart følgt, står det i rapporten. Årsaka kan ikkje knytast direkte til bestillar av transport, men SHT meiner dei likevel må ta eit større ansvar for å auke trafikktryggleiken.

– Vi ser at ei heilskapleg tilnærming har gjeve gode resultat i andre næringar, til dømes luftfart. For godstransport ser vi at tingar av transport må ta eit ansvar når det kjem til bestilling og val av leverandør, seier William Bertheussen som er direktør i Statens havarikommisjon for transport.

Lastebileigarforbundet er einig.

– I luftfart så er tryggleik prioritet nummer ein frå a til å. Når det gjeld varetransport på veg, så sit ein på kontor og vel altfor ofte den transportøren med den lågaste prisen, seier Geir A. Mo, og held fram:

Det me då får er transportørar som ikkje tek nødvendig omsyn til tryggleik.

Vogntog og personbil kolliderte på E10

VOGNTOG SAKSA: Tre personar vart skadde få vogntoget saksa på E10 ved Bjerkvik i Nordland vinteren 2019.

Foto: Politiet

Vil ha tiltak

SHT tilrår at NHO Logistikk og Transport set i verk tiltak for å auka trafikktryggleik for godstransport på norske vegar.

– Dette er naudsynt, seier Are Kjensli som er administrerande direktør i NHO Logistikk og Transport.

NHO-direktøren seier det har vore jobba mykje med dette temaet dei siste åra, og at dei no har fleire konkrete tiltak klare.

– Eit leverandørregister for transportbransjen skal samle informasjon om leverandørar og underleverandørar, slik at ein kan velje seriøse aktørar, seier han.

Utan kjennskap til underleverandørane

Ifølge rapportar viste undersøkinga at to av fire involverte tingarar av transport ikkje hadde kjennskap til underleverandørane av transportoppdraga. Det gjer SHT bekymra.

– Vi ser det manglar kunnskap om forhold som går direkte på tryggleik når det gjeld val av leverandør, setje opp kontraktar og følgje opp leverandøren, her må bestillar av transport ta sitt ansvar, seier direktør i SHT, William Bertheussen.

Rapporten viser at det er fleire ledd og stor avstand frå dei som bestiller til faktisk utøvar. Ved eit tilfelle skjedde transporten slik:

  1. Oppdragsgjevar
  2. Tingar av transport
  3. Hovudleverandør
  4. Underleverandør/transportør
  5. Vogntogførar

– Det er ei utfordring at det kan vere for mange ledd, men dette er ikkje ulovleg eller uvanleg, men difor er det viktig å finne gode tiltak, seier Kjensli.

Are Kjensli

FLEIRE TILTAK: Administrerande direktør i NHO Logistikk og Transport, Are Kjensli, seier dei jobbar med fleire konkrete tiltak for å sikre trafikktryggleiken.

Foto: NHO Logistikk og transport

Bransjen må ta tak

Statens havarikommisjon for transport ønskjer at næringa no brukar rapporten til å bli betre.

– Vårt håp er at bransjen tek tak i rapporten og arbeider med den for å finne gode løysingar, seier Bertheussen, som meiner dette ikkje kan løysast av berre ein aktør.

– Den er for alle aktørane i transportkjeda, ikkje berre sjåføren.

William Johan Bertheussen

MEIR FOKUS: Direktør i Havarikommisjonen vil ha auka fokus på trafikktryggleik frå dei som bestiller transporttenester.

Foto: Stian Strøm / NRK