– Det blir ordentleg haust i nord og heller skikkeleg sommarvêr lengst sør i landet, seier vakthavande meteorolog Pernille Borander til NRK.
Ho fortel at det no går eit tydeleg vêrskilje frå Stad og gjennom Dovre.
– Det har jo vore ganske vått no denne veka frå Møre og Romsdal og nordover. Det skal i det minste bli gradvis tørrare utover helga, sjølv om det framleis kan vere ganske skya, fortel ho.
Men sør for Stad og Dovre blir det alt anna enn haust. Der blir det ei veldig fin og sommarleg helg med mykje sol og stigande temperaturar.
FARGAR I DET GRÅ: Siv Bente Ulvestad fanga dette gode motivet i Molde fredag.
Foto: Siv Bente Ulvestad / NRKDet blir høge temperaturar
– På Vestlandet vil det vere litt skyer no i starten av helga, men temperaturane vil liggje på rundt 20 grader. Varmast blir det på Austlandet og Sørlandet, som kan få temperaturar på over 20 grader og frå søndag 25 grader.
Årsaka til det klare vêrskiljet er gitt gråvêr til Møre og Romsdal, Trøndelag og Nord-Noreg. No i helga passerer det vidare nordover, noko som gjer at ein får meir høgtrykk i sør.
I nord blir det også pålandsvind – og hald dykk fast: Det kan kome snø på toppane.
– Det skal bli ganske kaldt i høgda i Troms og Finnmark. Grensa for minusgrader kan synke ned til 600–900 moh. Då er det fleire av toppane som kan få minusgrader no i helga. Sjølv om det ikkje er venta så mykje nedbør, så kan det vesle som kjem, kome som snø.
LOVAR SOL I SØR: Statsmeteorolog Pernille Borander.
Foto: Magne Velle/Meteorologisk instituttTørke i vest
Vestlandet har vore råka av tørke denne sommaren og heller ikkje neste veke ligg det an til dei store nedbørsmengdene.
– Ganske langt fram i tid vil det vere lite nedbør på Austlandet, Sørlandet og for så vidt også Vestlandet sør for Stad.
Det mest usikre med vêret framover er eit nytt lågtrykk er på veg inn i midten av neste veke.
– Det betyr ein ny runde med regn og gråvêr i Nord-Noreg. Så er det litt spennande å sjå kor langt sør dette vil strekke seg, seier Borander.