Hopp til innhold

Haukeli var «stengd» i fem timar før vegen vart stengd

E134 Haukelifjell er stengd på grunn av uvêr, melde Vegtrafikksentralen klokka 19.45.

I følge Margit Ramsrud hadde vegen i praksis vore stengd i mange timar allereie. Ho var på veg vestover men blei ståande og vente fremst i køen i Haukelitunnelen sidan 15-tida.

– Det har ikkje kome verken kolonne eller ledebil, og tunnelmunninga er dekka av minst ein meter snø, seier ho.

Trafikkoperatør Stian Molteberg i Vegtrafikksentralen Sør sa til NRK i 19-tida derimot at dei har fått opplyst at det har vore kontinuerleg kolonnekøyring sidan klokka 11.30.

Nedsnødd tunnelopning i Haukelitunnelens vestlege ende
Foto: Margit Ramsrud