Hopp til innhold

Ny dom: Politiet kan ha teke feil om stoppskilt i årevis

19-åring mista førarkortet etter å ha ignorert eit stoppskilt. No har retten konkludert med at politiet var for strenge.

19-åringen svingte til venstre i dette krysset. Utan å stoppa. Dette fekk han bot for. Haukås, Sveio.

I dette krysset svinga ein ung motorsykkelførar til venstre, utan å stoppa. Trass i at det ikkje oppstod nokre farlege situasjonar, fekk han bot og førarkortet vart beslaglagt. Dette meiner retten er feil.

Foto: Olav Røli / NRK

Reglane når du kjem til eit stoppskilt er klare.

Du skal stoppa.

Uansett om det er klar bane eller ikkje.

Men dette gjorde ikkje ein 19-åring frå Karmøy som i september i fjor var på motorsykkeltur.

Han kom frå Haugesund og skulle svinga ut på E39 i Sveio i Vestland.

I krysset er det eit stoppskilt.

19-åringen køyrde berre ut bak ein varebil. Utan å stansa.

Det var ingen bilar i sikte, men han braut likevel trafikkreglane om å stoppa.

Stoppskilt Haukås Sveio

Stoppskilt skal redusera ulukker ved å gje bilistane tid til å observera trafikken. Difor er det også påbod om å stansa, uansett.

Foto: Olav Røli / NRK

Nekta å godta førarkortbeslag

Politiet fekk med seg situasjonen, og gav den unge mannen eit førelegg på 7.450 kroner.

I tillegg fekk han tre prikkar i førarkortet.

Dette er ein praksis politiet har følgt heilt sidan prikkbelastning vart innført tilbake til 1. januar 2004.

Og fordi han hadde tre prikkar frå tidlegare, og var ung, fekk han dobbelt opp med prikkar.

Med ni prikkar til saman måtte han gje frå seg førarkortet.

Dette ville den unge mannen ikkje godta, og tok saka til retten, med utgangspunkt i to forhold.

Først grunnlaget for beslaget av førarkortet. Deretter sjølve førelegget.

Haugaland og Sunnhordland tingrett

Haugaland og Sunnhordland tingrett meiner politiet kan ha gjeve prikkar på feil grunnlag.

Foto: Øystein Otterdal / NRK

Og no har Haugaland og Sunnhordland tingrett, med to ulike dommarar, gjeve den unge mannen støtte angåande prikkane.

Dei slår fast at det ikkje er grunnlag for å gje prikkar for ikkje å stansa for eit slikt skilt.

– Me er ikkje samd i konklusjonen frå tingretten og kjem til anka saka til lagmannsretten, seier politiadvokat Sveinung Andersen i Sør-Vest Politidistrikt.

Saka vart først omtalt av Haugesunds Avis.

Førelegget for å ikkje stansa vart ståande.

Full stopp.

Når du skal svinga til høgre eller venstre i dette krysset så skal du stoppa ved stopplinja. Uansett om det er klar bane eller ikkje.

Foto: Olav Røli / NRK

Fleire tusen kan ha fått feil reaksjon

Då tingretten behandla førarkortbeslaget i november, meinte dei førarkortbeslag verka som ein overreaksjon.

«Retten er tilbøyeleg til å meine at påtalemyndighetens prikkbelastningspraksis her kan vere tvilsam», skriv retten.

Og dei gav mannen førarkortet tilbake.

Då førelegget vart behandla av retten i starten av januar, meinte retten at praksis for å gje prikkar når bilistar ikkje stoppar ved stoppskilt er feil.

Stoppskilt Haukås, Sveio, Vestland.

Mange bilførarar har dei siste åra fått førelegg for å ikkje ha stansa for slike skilt.

Foto: Olav Røli / NRK

Og dei legg til at titusenvis av bilistar feilaktig kan ha mista førarretten ved liknande skilt.

Men politiet kjem inntil vidare til å halda fram med si tolking.

– Om lagmannsrett og eventuelt Høgsterett kjem til same konklusjon, må me justera praksisen. Men aller først ventar me på vidare behandling i retten, seier Andersen.

Politiet får støtte

NRK har snakka med fleire ekspertar på trafikkrett.

Dei deler langt på veg påtalemakta sin oppfatning av reaksjonen.

– Forskrifta om prikkar er både firkanta og absolutt. Om det er eit brot på reglane, så skal ein ha prikkar. Når ein då har fått nok prikkar, er utfallet gitt, seier Jens Christian Riege, som er advokat i NAF.

Kristin Sandbu, høgskulelektor ved Politihøgskolen, har i mange år undervist framtidige politibetjentar i trafikkjuss.

Ho meiner grunnlaget for at skiltet står der er viktig.

– Dette er ein ekstra krevjande stad for trafikantar. Då har du ein plikt til å stoppa uansett, nettopp for å vera i stand til å stoppa om det skulle vera ein situasjon. Det vert ein slags dobbelt vikeplikt, meiner ho.

Stoppskilt Sveio.

Når du skal inn på E39 i dette krysset må du stoppa opp. Ekspertar peiker på at skilta står der av ein grunn.

Foto: Olav Røli / NRK

Olav Markussen, avdelingsleiar i Utrykkingspolitiet, seier i ein kommentar til NRK at dei førebels ikkje vil uttala seg om saka.

Også dei vil venta på rettskraftig dom.

19-åringen som sat på motorsykkelen har ikkje svart NRK.

Hei!

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker? Send meg ein e-post.