Hopp til innhold

Hastigheitene låg på over 200 km/t gjennom tunnelen – så vart det bråstopp

Den lokale UP-sjefen har sett ekstreme hastigheiter gjennom den undersjøiske tunnelen på Vestlandet. No har nytt overvakingssystem fått bilistane til å bremsa kraftig opp.

Strekningsmåling i tunnelen, Bømlafjordtunnelen.

AVDUKA: 1. februar vart dette skiltet avduka. Frå no av vert farta di gjennom heile tunnelen målt.

Foto: Olav Røli / NRK

I 2001 opna Bømlafjordtunnelen på E39 mellom Stord og Sveio i Vestland. Den undersjøiske tunnelen gjorde øykommunen landfast.

Han har tre køyrefelt; eitt nedover og to oppover. Den går ned til 262 meter under havnivå og har heile 8,5 prosent stigning på det meste.

Men den lange og bratte tunnelen har også freista mange til å tråkka ekstra på gassen.

Allereie i 2003 var råkøyring eit så stort problem at fotoboksar måtte opp.

Ifølgje Bømlo-nytt vart det skrive ut 694 førelegg for høg fart forbi dei gamle fotoboksane i 2020. Men i dette året har det vore dels store avbrot i drifta.

Gav gass i botn

Det var berre eit stort problem med fotoboksane. Dei stod fast montert, og «alle» visste kvar dei stod.

– Når bilane kom ned i botn av tunnelen, så gjekk klampen i botn, fortel Jon Kristian Espeland, gruppeleiar for Utrykkingspolitiet på Haugalandet, som har ansvaret for denne delen av E39 i Vestland.

Jon Kristian Espeland, gruppleiar for Utrykkingspolitiet Haugalandet.

HØG FART: Jon Kristian Espeland i har ofte opplevd særs høg fart gjennom Bømlafjordtunnelen. No er han glad for at snittmåling er innført.

Foto: Olav Røli / NRK

Han køyrer ofte sivil bil eller motorsykkel på jobb, og har sett mange stygge døme på høg fart gjennom tunnelen.

Og han har ikkje tal på kor mange førarkort han har teke frå bilistar som har køyrt for fort.

– Eg har opplevd hastigheiter på opp mot 200 kilometer i timen. Og det er berre når eg er der. Eg tør nesten ikkje å tenkja på kva som skjer når me ikkje er der, fortel han.

– Kva tenkjer du om slike hastigheiter?

– Då tenkjer eg at dei ikkje har gjort noko som helst risikovurdering. Det er lett å tenkja at ein er trygg i eit lukka tunnelsystem, utan sidevegar eller dyr som kan komma i vegen. Men faktum er at om uhellet er ute så får det dramatiske konsekvensar, seier han.

Måling av snittfart løysinga

Men i byrjinga av februar var det slutt på å trykkja gasspedalen i botn når ein hadde passert fotoboksane.

Då vart det nemleg montert opp strekningsmåling gjennom tunnelen. No vert snittfarten gjennom heile tunnelen målt.

Og tiltaket ser ut til å ha fungert. Av over 200.000 kontrollerte køyretøy frå februar til 23. mars er det skrive ut berre 13 førelegg for høg fart i 80-sona.

Ingen har så langt mista førarkortet.

Politiet behandlar også ytterlegare 31 forhold, som kan få reaksjon.

Fotoboks, Bømlafjordtunnelen E39.

FOTOBOKS: Når bilane køyrer inn i tunnelen vert dei fotografert. Det same skjer på andre sida.

Foto: Olav Røli / NRK

– Statistikken er enno for fersk til å bruka som fasit. Men det me kan slå fast, også med dei 31 sakene som er under behandling, så er nivået av reaksjonar lågt når me samanliknar med talet på kontrollerte, seier Rune Svensen, seksjonsleiar for trafikk- og sjøseksjonen i Sør-Vest politidistrikt.

Farta går ned fleire stader i landet

Dei har gjort same erfaring på E39 gjennom Byfjordtunnelen i Stavanger.

I den eine retninga er det så kalla punktmåling, som målar farta på eitt punkt. I motsett retning er det gjennomsnittsmåling av fart.

– I 2021 var det berre 35 reaksjonar på strekningsmålinga, medan det var 974 reaksjonar på punktmålinga. Trafikkmengd og vegstandard er veldig likt i begge retningar, og driftstida er veldig lik, seier Svensen.

Espeland i UP er også godt nøgd med det som har skjedd etter at dei nye boksane kom i drift.

– Tidlegare, når folk var usikre på kvar boksane stod, køyrde dei treigt ned. No held dei meir jamn fart etter fartsgrensa, seier han.