Hopp til innhold

Hastetransporten blei levert frå lasteplanet til bilbergaren

Då fraktbilen fekk trøbbel på fjellet, vart løysinga å levere varene rett frå lasteplanet til bilbergaren.

Bilberging på Sognefjellet

FEKK ASSISTANSE: Fraktbilen fekk assistanse ned frå Sognefjellet.

Foto: Jan Erik Weka

– Bilen stod opp på bergingsbilen når det vart lasta av med gaffeltruck. Det var litt morosamt, seier Jan Erik Weka.

Bilbergaren i Sogn fekk eit litt spesielt oppdrag denne veka då ein fraktbil med ein hasteleveranse frå Oslo fekk problem på Sognefjellet.

Weka rykte ut og frakta blei levert til mottakar frå fraktbilen – ståande på lasteplanet til bilbergaren.

Oppdraget er eitt av mange denne sommaren. Bilar køyrer i grøfta, folk låser nøklane inn i bilane eller treng starthjelp når bilen er tom for straum, fortel Weka.

– Når sommartrafikken er på det verste er det mykje som skjer, seier bilbergaren.

Leveransen skulle rett inn i produksjonen

Hasteleveransen Weka måtte ta over var ein last med papir som skulle til Avery Dennison NTP.

Papiret blir nemleg brukt til å produsere trykk på tekstilar.

Blant anna er bedrifta leverandøren av trykket på draktene til det spanske storlaget i fotball, FC Barcelona.

Altså blir draktnummera og spelarnamna på draktene produsert i ein liten bygd ved Sognefjorden.

Logistikkoordinator hos Avery Dennison NTP, Siv Randi Leirdal, seier dei er godt nøgde med korleis ting ordna seg til slutt.

– Og hasteleveransen blei sett inn i produksjonen utan store forseinkingar, fortel Leirdal.

Bilberging

Varebilen frå Oslo kom seg opp på Sognefjellet, men måtte få assistanse ned til leveransestaden i Gaupne inst i Sognefjorden.

Foto: Jan Erik Weka

Flate batteri det mest vanlege problemet

Nils Sødal, senior kommunikasjonsrådgjevar i NAF, seier sommaren til no har vore normal når det kjem tal bergingsoppdrag og kva oppdrag NAF rykker ut på.

Flate batteri er det mest vanlege problemet også på sommarstid.

– I tillegg rykker vi ut til mange som har fått motorstopp, punktert eller har feil på hjul eller hjuloppheng, fortel Sødal.

NAF har fleire tips til dei som skal ut i sommartrafikken:

  • ​Lad opp startbatteriet i bilen før ferien. Sidan mange må ha hjelp med flate batteri, tyder det på at mange har for lite straum på startbatteriet før ferien.
  • Det er ein god idé å lade opp startbatteriet også på elbilar. Faktisk har elbilane også det vanlege bilbatteriet og ikkje berre det store driftsbatteriet som er elbilens «drivstofftank».
  • Har du ein bensin- eller dieselbil bør du sjekke oljenivået. Er det lågt, må du etterfylle med riktig motorolje.
  • Sjekk nivået på kjølevæske og bremsevæske.
  • Er det lenge sidan bilen var på service, kan det vere ein god idé å få teke service på bilen før ferien.

– Ikkje smell bakluka for raskt igjen

Ta det med ro, er oppmodinga frå bilbergar Jan Erik Weka til dei som skal ut i sommartrafikken og over fjellovergangar.

– Føler du bilen blir varm opp fjellet, ta ein pause. Det same gjeld ned fjellet. Blir bremsene varme er det betre å stogge ein halvtime på ei utkøyrsle og vente, seier han.

Å sleppe andre forbi om ein ser ein lagar kø, er eit anna tips. Og før du smeller att bakluka på bilen – sjekk om nøkkelen ligg at inne i bilen først.

– Om ein er i trafikken eller står bak bilen, å tenke seg om eit par gonger kan vere lurt, seier Weka.