Hashin har anka den delen av tiltalen som gjeld valdtekt, men ikkje drapet på den 19 år gamle folkehøgskuleeleven natt til 28.oktober 2004.
Nytt vitne
Hashin har og anka straffeutmålinga. I Sogn tingrett vart han dømd til fengsel i 16 år. Det er 11 vitne som møter i lagmannsretten. Ein av dei er nigerianske Nura Dauda, som ikkje vitna i tingretten, men som i intervju med NRK Sogn og Fjordane kom med vesentlege opplysingar i saka.
I lagmannsretten er det ein jury på fem kvinner og fem menn som skal ta stilling til skuldspørsmålet. Vigleik Stoveland er vald til ordførar i lagretten.
Bøygd hovud
Med bøygd hovud og armane i kors over brystet svarte Hashin på spørsmåla frå dommaren. Med stort krusete hår og bart framstår han svært ulik det biletet av han som har vore brukt i media. Han vedgjekk igjen at han tok livet av Hedda, men nekta for å ha valdteke folkehøgskuleeleven.
Kjende i to månader
Hassan Samriye Hashin sa i Gulating lagmannsrett at han hugsar mykje av det som skjedde i Sogndal 27. og 28. oktober 2004. Han hugsar at han vart kjend med Hedda Karterudseter ein laurdag. Det skjedde på diskoteket Meieriet i Sogndal.
Etter det heldt dei kontakt med kvarandre - dei hadde kjent kvarandre i to månader då drapet skjedde. Han kalla det eit venskapsforhold, men det var ikkje noko som alle visste om. Han hadde vore på besøk på rommet til Hedda på Sogndal folkehøgskule fem gonger før drapsnatta.
- Overnatta du på hybelen, spurde dommar Carl Petter Martinsen.
- Nei, men vi brukte å gå dit etter at vi hadde vore på diskotek.
-Var det nokon gong eit seksuelt forhold?
- Ja, vi hadde seksuell omgang med kvarandre.
Kor mange gonger hadde de seksuell omgang?
- Tre - fire gonger, vi hadde eit kjærasteforhold som få visste om, sa Hassan Samriye Hashin.