Hopp til innhold

Harry Mowatt vann styrekamp

Harry Mowatt (Ap) og Anni Felde (Sp) vert nye styremedlemmer i Helse Førde.

Harry Mowatt
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det har styret i Helse Vest vedteke i dag.

Mowatt er tidlegare ordførar i Hyllestad og Felde har lang fartstid frå fylkespolitikken.

Valet av nye styremedlemmer skjedde etter lang tids strid mellom ulike politiske miljø og regionane.

Les meir: Kranglar om Opseth-erstattar

Clara Øberg held fram som leiar, medan Jorunn Ringstad blir ny nesteleiar etter Kjell Opseth som har trekt seg som styre-kandidat.

Måtte overtalast

Tidlegare senterpartipolitikar Anni Felde måtte overtalast til å ta på seg vervet som nytt styremedlem i Helse Førde. Ho vedgår at det sat langt inne å takke ja.

- Slik mediabiletet var for eit par veker sidan hadde eg ikkje noko ønskje om å ta på meg dette, i alle fall om ein tenkte ein skulle få gjort noko.

Siv Langøen Rotevatn frå Eid fekk ikkje fornya tillit i styret.