Hopp til innhold

Harry Mowatt er død

Den tidlegare fylkespolitikaren og ordføraren i Hyllestad, Harry Mowatt, er død. Han vart 68 år gammal.

Harry Mowatt

ORDFØRAR: Harry Mowatt var ordførar i Hyllestad frå 1995 til 2007

Foto: Sindre Sunde Tveit / NRK

– Det er eit merkbart tap for Arbeidarpartiet. Det er ein av dei verkeleg store tunge politikarane våre den siste generasjonen som no diverre har gått bort så alt for tidleg, seier Arve Helle, mangeårig ordførarkollega og no organisasjonssekretær i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Tidlegare i sommar vart Harry Mowatt diagnostisert med kreft.

23. juni i år søkte han fritak frå vervet sitt som styremedlem i Helse Førde grunna sjukdommen.

– Eg skal gjennom ei langvarig behandling. Eg vil difor ikkje kunne stille på mange styremøte framover, sa han den gong.

Han var medlem av styret i over ni år. Harry Mowatt vart fødd i 1949 i Dalsbygda, Hyllestad.

Han var medlem av Flora bystyre i 15 år, seks år i formannskapet og var ordførar i Hyllestad frå 1995 til 2007. I fylkestinget og fylkesutvalet var han frå 2003 til 2011.

Harry Mowatt var også styreleiar for stiftinga Musea i Sogn og Fjordane frå 2011 til han ba om fritak av helsemessige grunnar i slutten av juni 2017 I 2011 vart han vraka som fylkespolitikar, men gjorde comeback som ordførarkandidat i Hyllestad i 2015.

Han hadde også verv i styret for Sunnfjord Energi, nestleiar i styret for Fjord1 Fylkesbaatane, styremedlem i Helse Førde og medlem i fylkeslandbruksstyret.

– Personleg vil eg hugse Harry Mowatt som ein skvær mann som det gjekk an å ha friske diskusjonar og usemjer med, og som var flin til å skilje sak og person. Han var ein svært skarp debattant og ein god retorikar og heile sitt vaksne liv levde og anda han for politikk og samfunnsliv, seier Helle.