Klubben hans, Haugesund, rykte opp til 1. divisjon. Dei måtte minst ha eitt poeng i siste kampen mot Flekkerøy, men låg lenge under med eitt mål på bortebane. Eit kvarter før slutt fekk Aabrekk den utlikninga til 1-1 som gav opprykk..
Men Harald Aabrekk får ikkje fylgje Haugesund opp att i 1. divisjon. Eidaren fekk ikkje forlenga kontrakten med klubben. Kva han skal gjere no veit han ikkje. Men opprykket var likevel viktig også for hans eiga fotballframtid.