Hareide sin visjon: – Siktar mot breitt folkeparti

Knut Arild Hareide er tru mot målet om å verta eit breitt folkeparti når han rår til eit samarbeid med venstresida, meiner tidlegare Vårt land-redaktør – Då er det ikkje eit alternativ å berre tilfredsstilla grunnfjellet i partiet.

Landsstyremøte i KrF

POLITISKE VEGVAL: Knut Arild Hareide bad partiet sjå mot venstre då han gav dei sitt råd om politiske vegval i dag.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Råda om politiske vegval for Kristeleg Folkeparti har fått blanda mottaking. Medan nokre i partiet var overraska og skuffa, var andre særs nøgde fredag ettermiddag.

Nyheitsredaktør i avisa Dagen, Astrid Dalehaug Norheim, vart ikkje overraska over innhaldet i talen.

– Dette var varsla. Me ser at han tek eit steg til venstre, men han utelukkar SV. Mange er nok letta over det, men eg trur det vert ein stor diskusjon i KrF vidare, seier ho.

Og ho får støtte frå Åshild Mathisen, tidlegare sjefredaktør i Vårt Land, no skribent i Morgenbladet.

– Partiet er no mode for å gjera eit val, og det valet må leia til makt. Når Hareide viser at Høgre har valt Frp, og at han ikkje kan vera med på det, så er det venstresida som står att.

Åshild Mathisen

ER TRU MOT MÅLET: Når målet er eit breitt folkeparti, så kan ikkje råda berre tilfredsstilla eit smalt grunnfjell, seier tidlegare Vårt land-sjef og spaltist Åshild Mathisen.

Foto: Åsa Maria Mikkelsen

Mathisen trekkjer fram starten på talen til Hareide, der han siterte Jon Lilletun, tidlegare parlamentarisk leiar i KrF og Kyrkje-, utdannings- og forskingsminister for partiet.

Vi treng medvitne veljarar som seier ifrå om at kampen for feitare lommebøker ikkje er jobb nummer ein. Vi treng mobilisering for nestekjærleik i staden for egoisme. Vi treng globalt ansvar i staden for nasjonalt sneversyn.

Jon Lilletun / KrF

Ho meiner at Hareide måtte velja som han gjorde.

– Hareide har ein visjon om eit breitt folkeparti, og må sikta imot det. Han må appellera til moglege nye veljarar, og til dei partiet har mist etter åra med høgresamarbeid, seier Mathisen.

Partiet er splitta – på alle nivå

Mottakinga av talen og rådet syner utfordringane Kristeleg Folkeparti har.

– Eg trur partiet vert rive vidare i diskusjonane, heilt til dette er landa. Dette er eit veldig splitta parti som vil ha ei stor utfordring framover, seier Norheim.

Astrid Dalehaug Norheim, nyheitsredaktør i Dagen

SOM VENTA: Hareide kom med eit varsla råd til partiet då han bad dei vurdera eit samarbeid med venstresida, seier nyheitsredaktør i avisa dagen Astrid Dalehaug Norheim.

Foto: marit Stensby / NRK

Og ordskiftet rundt det politiske vegvalet vil verta sårt for mange, meiner ho.

– Eg trur at mange veljarar vil føla at dei ikkje er sett, høyrde og forstått skikkeleg når han har levert eit langt synderegister for Frp. Sjølv om han viser til usemjer med Arbeidarpartiet, tonar han det litt ned og seier at dette skal me greia. Den skildringa er det nok mange som ikkje kjenner seg att i, seier Norheim.

Det er lenge til det vert ro

Det er viktig for partiet å forankra denne avgjerda grundig. Difor vert det ekstraordinære fylkesårsmøte og eit landsmøte i november. Sist det skjedde var då Valgerd Svarstad Haugland gjekk av som partileiar i 2004.

Krfs ledertrio

SPLITTA: Også partileiinga i KrF er usamde om kva veg partiet bør velja.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Dette er eit parti som har eit sterkt behov for ein politisk prosess, seier Åshild Mathisen.

Men dei har dårleg tid, seier Astrid Dalehaug Norheim i Dagen.

– På den eine sida så krev veljarane og dei tillitsvalde i KrF ei rask avklaring. På den andre sida så er det mange som vil verta veldig skuffa. Eg trur me vil sjå voldsomme diskusjonar og rivingar internt i KrF framover, seier ho