Hopp til innhold

Hardt skadd etter over 10 meters fall frå klippe i Bergen

Ein utanlandsk student er redda ut med alvorlege skader etter å ha falle utfor ein bratt skrent på ei klippe i friluftsområdet Helleneset.

Redningsaksjon etter fallulukke på Helleneset i Bergen

BRANNBÅT: Pasienten vart henta med brannbåten, fordi mørket og det bratte terrenget gjorde det vanskeleg å frakta han ut på anna vis.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Det var den skadde sjølv som varsla politiet klokka 04.43 natt til torsdag. Han hadde sterke smerter og låg vanskeleg til. Mannen måtte derfor reddast ut med båt.

– Politiet rykka ut for å lokalisera han. Det tok litt tid, for han klarte ikkje å forklara nøyaktig kvar han var. Han var alvorleg skadd då vi fann han, og klarte ikkje å bevega seg, seier politiets innsatsleiar Gisle Anthun til NRK på staden.

Han seier mørket og terrenget gjorde redningsaksjonen vanskeleg. Helleneset er eit friluftsområde med svaberg og klatreklipper. Nokre stader er det høge klipper ut mot sjøen.

– Brannvesenet var på staden med brannbåt og ei klatregruppe. På grunn av mørkret hadde ikkje Luftambulansen høve til å løfta pasienten ut under den bratte skrenten, men eit redningshelikopter frå Florø var på veg.

KLATREOMRÅDE: Det er fleire bolta klatrefelt i bade- og friluftsområdet Helleneset, der mannen fall ned i natt.

To fallulukker på to netter

Anthun seier mannen ikkje låg i sjøen, men like nedanfor den bratte klippa. Det hadde vore vanskeleg å frakta han opp den 10-15 meter høge skrenten, men dei fekk han over i brannbåten, inn til kaien, der ambulansen plukka han opp.

Like før klokka 6 vart han frakta derifrå til akuttmottaket på Haukeland universitetssjukehus.

Gisle Anthun

VANSKELEG REDNINGSOPERASJON: Gisle Anthun er innsatsleiar i politiet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Dette er den andre fallulukka i Bergen på to dagar. Natt til onsdag fall ein 32 år gammal mann åtte meter ned frå eit tak i Sandviken. Han vart alvorleg, men ikkje livstrugande skadd.

Politiet etterforskar no fallet på Helleneset. Dei veit førebels ikkje kva han gjorde i området midt på natta.

– Det er glatt på svaberga no. Me har ingen opplysningar om at det har skjedd noko straffbart. Vi vurderer at dette var eit uhell, og han var truleg åleine, seier Anthun.

Det skal ha vore fest på Noregs handelshøgskole onsdag kveld, men politiet veit ikkje om den skadde hadde deltatt på den.

– Mannen er fremandspråkleg og kommuniserer på engelsk. Vi har ingen opplysningar om korleis han havna der eller kvar han har vore i forkant av ulukka, sa operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt til NTB under redningsaksjonen.