Hopp til innhold

Hardingar går 350 kilometer på ski for å fri til dronning Sonja: – Ho er «the shit»

Elleve menn går frå Lofthus i Hardanger til Slottet med ski og pulkar, for å invitere dronning Sonja med på festival.

skigåere Dronningstien

SJARMERE: Kompisgjengen går frå Lofthus til Oslo for å sjarmere dronning Sonja, og overtyde ho om å besøke Hardanger Musikkfest.

Foto: Joakim Dokka Nordstad

– Alle sovna klokka ti, som små barn, seier Arne-Kristian Glück-Teigland og bryt ut i latter.

Han har akkurat vakna til ein litt annleis dag. For saman med kompisane skal han straks legge ut på ein heilt spesiell ekspedisjon over fjellet.

Målet er Oslo, nærmare bestemt Slottsplassen.

Men etter ei natt saman på ein båt på Lofthus, vart det mindre søvn enn planlagt før den store ekspedisjonen. Rundt utstyret ligg tomgods som vitnar om ei natt i godt lag.

– Dieseldur og trubadur, du søv godt da, skyt kameraten inn.

– Kulast av dei med blått blod

Men det som no kjem, er inga leik.

For herifrå ventar 350 kilometer på ski, pulk og rå vilje.

Hardingane håper at marsjen skal overtyde dronninga om å besøke Hardanger Musikkfest, som har 25-årsjubileum i haust.

Det er ikkje tilfeldig at dei frir til friluftsdronninga.

– Av alle dei med blått blod, så er ho den kulaste. Unnskyld til resten av gjengen, men ho er «the shit», seier Glück-Teigland, som er dagleg leiar for festivalen.

Og målet deira er kanskje ikkje heilt uoppnåeleg. Dronninga opna sjølv Hardanger Musikkfest under 10-årsjubileet i 2005.

OGLMO-_8678

KUL: Kompisgjengen vil «fri» til dronning Sonja. Dei vil at ho skal bli med på festivalen, Hardanger Musikkfest i haust.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Brudeferda på ryggen

Turlaget er ikledd like, beige drakter for anledninga.

– Det er enkelt og greitt bomullsklede, som dei gjekk med før i tida. Alt er heilt nytt, så det er ikkje noko rusk, seier deltakar Odd Arne Botnen.

I håp om å sjarmere dronninga, har kompisgjengen gjort seg ekstra flid og pynta draktene.

Dei har sydd på hardangersaum på låra. På ryggen er det limt på ein kopi av det ikoniske norske måleriet: «Brudeferden i Hardanger».

Noregsflagget er sydd på venstre skulder.

Festivalen har temaet ritar. Ferda tematiserer ritane knytt til fjellet og dei historiske lenkjande mellom aust og vest på vidda.

Skigåere Dronningstien

PYNTA: Turlaget har pynta draktene med ein kopi av eit av dei meste kjente norske biletet: «Brudeferda i Hardanger».

Foto: Joakim Dokka Nordstad

Frå Lofthus til Oslo

Gjengen er handplukka til turen, og kan «stå» i all slags ver.

– Viss du er ein 17 år gamal gut på Tåsen og lurar på kven du skal sjå opp til, så er det berre å peike ut ein av desse og henge dei på veggen. Og det meiner eg, seier Glück-Teigland.

Etappen starta på toppen av dronningstien på Lofthus fredag morgon.

– Det er litt lite snø i starten, så me må bæra litt. Sjølve turen går mest mogeleg over tusen meter. Vi håpar at vi får skia og pulkane inn på trikken, seier han.

Kompisane trur at dei er framme i Oslo om ti dagar. I pulkane har dei med seg rituelle og kulturhistoriske gåver.

Gåvene vil dei overrekka personleg til dronninga, sjølv om dei er klar over at korona kan sette ein stoppar for det.

– Eg håpar at ho sitt i godstolen sin og tenker: Desse her hadde det vore kjekt å treffe. Vi får berre gjere oss lekre, når vi kjem bort der, seier han.

Skigåere Dronningstien

HANDPLUKKA: Ekspedisjonen frå Lofthus til Oslo tar rundt ti dagar. Dei elleve mennene er handplukka til å vere med over fjellet.

Foto: Joakim Dokka Nordstad