Dramatikk og skadar i verdsrekordforsøket

Det tek på både kropp og sjel å prøve å setje ein verdsrekord for verdas lengste volleyballkamp.

Aina Nygård

SKADA: Aina Nygård hadde gleda seg til å vere med på verdsrekordforsøket, men så knakk tommelen på trening allereie før forsøket sette i gang.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Det handlar mykje om uthald og det mentale, det er nok tyngre enn kva folk trur, seier Aina Nygård medan ho ser ut mot klassekameratane som speler volleyball med høg intensitet.

Aina Nygård og Tore Sollesnes

HEIAGJENG: Aina Nygård og Tore Sollesnes heiar med liv og lyst på spelarane ute på bana.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

På Sunnfjord Folkehøgskule er dei no snart halvvegs i forsøket på å setje verdsrekord i verdas lengste volleyballkamp. Dei skal spele hundre timar i strekk, og onsdag ettermiddag nærma dei seg to fullførte døgn med ballspel. Sjølv om ballen kontinuerleg må slåast over nettet for å halde rekordforsøket i gang, er det ikkje like mykje liv på tribunane.

Det tek nemleg på kreftene å spele kamp i fire til seks timar i strekk, slik elevane ved folkehøgskulen må gjere viss dei skal klare å setje rekord.

Slått ut rett før forsøket

Aina Nygård skulle ha vore ein av spelarane som slo frå seg på banen. I staden må ho stå på sidelinja og sjå på. Rett før den historiske kampen sette i gang, vart ho skada under ei trening og tommelen på høgre hand sette ho ut av spel – bokstavleg talt.

Ho synst lite om å måtte nøye seg med å vere publikum.

Eg får ikkje gjort det eg liker best, nemleg å vere ute på bana og ha det gøy med venene mine.

Aina Nygård, skada spelar

– Det er deprimerande og veldig kjedeleg. Eg får ikkje gjort det eg liker best, nemleg å vere ute på bana og ha det gøy med venene mine. Så i morgon drar eg heim, så slepp eg å sjå på, seier ein tydeleg skuffa Nygård.

Ho har likevel tru på at dei andre skal klare målet om å setje rekord.

– Det er nokre som er negative, men eg trur dei har så mykje styrke i seg at dei skal klare det her, seier Nygård optimistisk.

Saman med ho på sidelinja, står Knut Erik Ueland Halvorsen. Han følgjer med på spelet og koser seg med litt kake, når det plutseleg er ein av spelarane som må bytast ut på grunn av ei skade.

Knut Erik Ueland Halvorsen

UT PÅ BANA: Knut Erik Ueland Halvorsen rekk akkurat å hive i seg litt kake og bytte skjorte før han må hive seg inn som innbytar i kampen når ein spelar blir skada.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Ueland Halvorsen hiv i seg siste rest av kaka og skifter skjorte, før han spring ut på banen, klar til fleire timar med volleyball.

Frykta forsøket skulle gleppe

Det tek på både kropp og sjel å skulle spele volleyball fire døgn i strekk, og sjølv om spelarane søv på skift, så er det fleire som har merka at dei blir meir og meir slitne. I natt vart det så ille at Magne Hornnes, som er leiar for beach- og volleyball-linja ved Sunnfjord Folkehøgskule, frykta det verste.

– Da var folk slitne og hadde skada seg, og da var det ganske dramatisk, så eg var redd for at vi måtte gi oss, seier Hornnes medan han følgjer med på kampen i gymsalen. Han understrekar også at det er visse reglar ein må følgje når ein skal setje verdsrekord, noko som byr på visse utfordringar.

Kjetil Stray Homme

FØLGJER MED: Dommar Kjetil Stray Homme følgjer med at alt går riktig for seg under kampane på Sunnfjord folkehøgskule.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

– Reglane frå Guinness World Record seier at alle skal sove på same rom, og da er det slik at om ein blir sjuk så er det fort at alle blir det. Så da skal vi ha flaks for at det her går, seier Hornnes, som likevel er optimist på dei unge volleyballspelarane sine vegne.

Det kan aldri bli for mykje volleyball!

Magne Hornnes, leiar for beach- og volleyball-linja på Sunnfjord FHS

Når det no nærmar seg to heile døgn, trur Hornnes at det kjem til å bli lettare for spelarane å halde ut.

Og rett før klokka bikkar 47 spelte timar, blir ei storstilt helsing lese opp over anlegget i gymsalen – ei helsing frå Norges volleyballforbund, som kryssar fingrane for at gjengen skal klare å setje rekord.

Jubelen helsinga blir møtt med, seier at dette er ein gjeng som ikkje har tenkt å gi seg heilt enno. Og Hornnes, han trur det skal mykje til for at gjengen blir lei av volleyball.

– Dei er kanskje ikkje klare til å spele igjen på måndag. Men det kan aldri bli for mykje volleyball! seier han og smiler.

Elevane ved Sunnfjord folkehøgskule vil prøve å setje verdsrekord. Lengste volleyballkamp nokon gong skal etter planen gå frå måndag 22. sept til fredag 26. sept.