Hopp til innhold

Badeanlegg varslar millionunderskot etter halvt år – privatpersonar som Hallgeir kan få rekninga

Eit halvt år etter opning ber Hardangerbadet kommunen om meir pengar fordi inntektene er for låge. «Det har me visst heile tida», uttalte badelandsjefen til lokalavisa. Det skapar reaksjonar.

Hallgeir Torpe

KAUSJONIST: Drosjeeigar Hallgeir Torpe har forplikta seg å betala opp mot 12.000 kroner året i ti år dersom Hardangerbadet går med underskot. No risikerer han å måtte punga ut. – Det overraskar meg ikkje.

Foto: Tale Hauso / NRK

Til stupeshow, kaker og korpsmusikk opna bade- og helsesenteret Hardangerbadet i Øystese i desember i fjor.

Prosjektet til drygt 300 millionar kroner har i lang tid vore omstridd.

Årsaka var vaklande finansiering og uro for om anlegget ville generera nok inntekter.

No ser det ut til at privatpersonar må dekka inn underskot allereie det første året.

– Det er jo ikkje noko gledeleg. Men eg rekna med at det kunne bli utfallet, i alle fall dei første åra, seier drosjesjåfør og kausjonist Hallgeir Torpe.

Privatpersonar og bedrifter støtta

For sjølv om Kvam herad løyvde 24,5 millionar kroner og Trond Mohn gav millionstøtte måtte selskapet skaffa underskotsgarantiar for å få sett spaden i jorda.

Privatpersonar og bedrifter i bygda signerte difor på underskotsgarantiar, med ønskje om å bidra til ny aktivitet i heimbygda.

Blant dei var drosjeeigar Torpe. Han må ut med 12.000 kroner i året dersom Hardangerbadet går i minus.

– Underskotet overraskar ikkje, tatt i betraktning korleis det har gått med tilsvarande anlegg rundt om i Noreg.

Hardangerbadet i Øystese, tatt rundt åpning desember 2019

HARDANGERBADET: Sidan 2000-talet har draumen om eit badeanlegg i Øystese vore motivasjonen for eldsjelene bak prosjektet. I vinter opna bygget som husar nytt helsekonsept, hotell, bade- og velværeanlegg, legekontor, treningssenter og eit visingssenter for laks.

Foto: Tale Hauso / NRK

Styrer mot millionunderskot

Det reviderte budsjettet for 2020 viser no eit negativt resultat på 1,85 millionar kroner for 2020, skriv avisa Hordaland Folkeblad.

Men allereie tidleg i mars bad Hardangerbadet kommunen om å auka det kommunale tilskotet.

Under eit halvt år etter opning sleit selskapet med låge inntekter, trass i gode besøkstal.

Dagleg leiar Martin Vik i Hardangerbadet blei tidlegare denne månaden spurt av lokalavisa om dei allereie etter to månader med drift såg at dei måtte be om meir pengar frå kommunen.

– Det har me visst heile tida, svara Vik til lokalavisa, før han seinare la til:

– Skulle me ha teke ein runde til (politisk behandling, journ.merk.), hadde ikkje badet vorte bygt.

Opning av Hardangerbadet

OPNING: Dei fire ordførarane som har vore involvert i prosjektet under opninga av Hardangerbadet i desember. Ytst frå høgre: Torgeir Næss (Ap), Jostein Ljones (Sp), Asbjørn Tolo (H) og Martin Vik (Sp).

Foto: Tale Hauso / NRK

«Uheldig» og «beklageleg»

Overfor NRK seier Vik at dei ikkje visste at drifta ikkje ville gå rundt, men at tilskotet frå kommunen var lågt.

– Me hadde eit reelt budsjett som me rekna med å kunna styra etter. Men eg har heile vegen sagt at tilskotet frå kommunen var lågt, og at eg ikkje trur bygget ville blitt bygd om me måtte ta ein runde til, seier Vik til NRK.

Gruppeleiar i Senterpartiet, Jostein Ljones, var ordførar då Kvam herad sa ja til deltaking i 2017.

Han kallar kommentaren til Martin Vik i lokalavisa for «uheldig» og «beklageleg».

– Eg synest det er uheldig at han seier at ein på vedtakstidspunktet visste at det ikkje var nok finansiering. Det er beklageleg og eit dårleg utgangspunkt for vidare forhandlingar om det er deira haldning, seier Ljones.

Martin Vik

UNDER BYGGING: Dagleg leiar Martin Vik viste NRK rundt på byggetomta i september i fjor. Tre månader seinare opna det nye praktbygget i Kvam.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Ekstraordinær situasjon

Vik har jobba med å få realisert Hardangerbadet sidan 2000-talet.

Den tidlegare Kvam-ordføraren seier at fleire faste tilsette med høgare utdanning gjorde at lønsutgiftene auka.

Dermed låg selskapet an til raude tal allereie før koronarestriksjonane stengde Hardangerbadet i tre månader.

– Dette er ein ekstraordinær situasjonen. Underskotet ville ha vore mindre i 2020 om det ikkje hadde vore for korona, seier Vik.

Også neste år blir prega. Dei raude tala viser 1,4 millionar kroner for 2021.

No har generalforsamlinga i Hardangerbadet AS vedtatt å be om auka tilskot frå kommunen. Styret meiner 1,5 millionar kroner er eit «godt utgangspunkt for ein dialog».

Vik viser til at Hardangerbadet både vil gje skatteinntekter og arbeidsplassar, føra til fleire investeringar og gjera kommunen meir attraktiv.

– Bygget har realisert 500 millionar i investeringar. I tillegg får kommunen over ein million kroner i eigedomsskatt frå Hardangerbadet, som dei elles ikkje ville fått, hevdar Vik.

Torgeir Næss (Ap)

ORDFØRAR: Torgeir Næss (Ap) er ordførar i Kvam herad.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Har teke høgd for dette

Ordførar Torgeir Næss (Ap) er uroa over at det allereie no manglar så store inntekter i prosjektet.

– Eg er noko overraska. Også over at ein allereie på dette tidspunktet klarar å laga ei sånn prognose for 2021, seier Næss.

Underskotet må privatpersonar dekka, slik det står no.

For i 2017 vedtok Kvam herad at dei ikkje skulle ta på seg auka driftsutgifter utover dagens tilskot.

– Selskapet bør først gå til eigarane og be om meir kapital. Viss ikkje det går, seier vedtaket at det er kausjonistane som skal dekka tapet, slår Næss fast.

Det er ikkje Vik samd i.

– Eg meiner det er grunnlag for ein diskusjon om underskotsgarantien skal realiserast heilt og fullt, seier sjefen i Hardangerbadet.

Men verken Næss eller Ljones avviser at det kan vera aktuelt å ta ein ny runde om saka i heradsstyret.