Harastølen vert turisthotell

Det nedlagde sanatoriet på Harastølen i Luster skal verte turisthotell og feriehusvære.

Qvam AS, eigedomsselskapet bak Handelshuset i Førde, og kraftgiganten Tinfos sler seg saman for å setje istand Harastølen.

Sto til forfall

Det nedlagde sanatoriet har stått til forfall i fleire år. Men no skal det nyttast opp mot 200 millionar kroner til opprusting. Direktør i Tinfos og styreformann i Harastølen AS, Tor Syverud fortel at det skal vere aktivitetar i tillegg til overnatting.

- Vi arbeider no med arkitektur og det driftsmessige. Vi ser for oss at folk kjem hit og overnattar, anten på hotell eller i feriehusvære, og at dei kombinerar det med ulike aktivietar.

- Qvam betyr mykje

Det er endå ikkje bestemt kven som skal drive anlegget. Men Syverud seier han ser for at at nokon innan reiselivsbransjen kjem til å stå for drifta.

Syverud seier det betyr mykje at  Qvam AS er med på prosjektet.

- Qvam er dyktige og ein ideell samarbeidspartnar. Dei har god erfaring innan byggebransjen, og set med ein kompetanse som Tinfos ikkje har.