Hopp til innhold

Harastølen er farleg

Harastølen i Luster forfell og bygningen er direkte farleg. Fylkesmannen krev no at området vert sikra

Hovudhuset på Harastølen i Luster er i så dårleg stand at det er farleg for folk å opphalde seg der. Det meiner Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. No krev dei at Luster kommune tek tak i problemet og sørger for at eigarane av Harastølen sikrar bygningen.

Rådmann Tore Eriksen forstår bekymringsmeldinga frå Fylkesmannen.

- Vi har ingen problem med denne meldinga, og det passar med det vi sjølv meiner bør gjerast, seier Eriksen.

Farleg å ferdast i og rundt huset

Harastølen har ei lang historie. Det 100 år gamle bygget har vore brukt som både tuberkulosesanatorium, psykiatrisk senter og asylmottak. Dei siste 10 åra har det derimot vore null aktivitet i det store huset og forfallet har ikkje lete vente på seg. I eit notat til Luster kommune skriv Fylkesmannen at bygningen er i så dårleg stand at det er direkte farleg for både menneske og dyr å opphalde seg inni og rundt huset.

Fylkesmannen går ikkje vidare med saka i denne omgang, men minner Luster kommune og rådmann Tore Eriksen på at dei har eit stort ansvar dersom det skulle skje ei ulukke på Harastølen.

- Vi må sikre bygningen slik at det ikkje er farleg for menneske å gå tett inntil. Det er det viktigaste. Eventuelt må vi setje opp gjerde, slik at folk ikkje kjem inn på området, seier Eriksen.

Har fått lovnad frå huseigar

Eriksen seier dei har verkemiddel å bruke mot Tinfossgruppen - eigarane av Harastølen. Men inntil vidare stolar rådmannen på dei tilbakemeldingane han har fått om at sikringsarbeidet skal skje allereie neste veke.

- Vi ser ikkje noko poeng i å utrede dette, så lenge vi har fått huseigar sitt ord på at sikringsarbeid tek til alt mandag.