Hopp til innhold

Harald André funnen død i Storevatnet

Det er den 45 år gamle Harald André Skåre som blei funnen død i Storevatnet i Florø torsdag ettermiddag.

Harald André Skåre (45) er sakna i Florø

FUNNEN DØD: Harald André Skåre blei funnen død i Storevatnet torsdag etter å ha vore sakna sidan måndag.

Foto: Politiet/Geir Bjarte Hjetland, NRK

– Personen er ikkje identifisert, men det er ikkje grunn til å tru at det er nokon andre enn den personen som har vore sakna sidan søndag, sa operasjonsleiar i politiet Ole Tom Nord til NRK tidlegare i ettermiddag.

No stadfestar politiet at det er Skåre som er funnen død etter at det blei sett inn ein sonar i leitinga.

– Han blei identifisert av nær familie, seier Kai Henning Myklebust i Vest politidistrikt til NRK.

45 år gamle Harald André Skåre blei sist observert i Florø sentrum klokka 01.30 natt til søndag og meldt sakna søndag kveld.

Sidan 45-åringen blei meldt sakna søndag kveld, har store styrkar delteke i leitinga.

Søket har vore konsentrert ved Storevatnet som ligg like ved Florø sentrum. Årsaka er at Skåre sin mobiltelefon og førarkort blei funnet like ved vatnet.

Sonarsøk torsdag

Politiet byrja å søke med sonar i Storevatnet torsdag morgon på grunn av dårleg sikt i vatnet.

– Klokka 13.34 torsdag blei det gjort funn av ein død person i Storevatnet, seier Nord.

Ifølgje politiet er det for tidleg å seie om det ligg noko kriminelt bak funnet av den omkomne personen i vatnet.

Pårørande varsla

Pårørande til den sakna personen er varsla om funnet, ifølgje politiet.

Den omkomne personen blir no sendt til Gades institutt for obduksjon.

Bildet

STORAVATNET: Torsdag ettermiddag blei det gjort funn av ein død person i vatnet som ligg i Florø sentrum.

Foto: NRK-tipsar