Hopp til innhold

Pågripen etter seks år på rømmen frå Skottland

Austeuropearen samarbeidde til han skulle få valdsdommen. Då stakk han av.

Tinghuset

FENGSLA: Austeuropearen stakk av då han vart funnen skuldig i to valdshandlingar i Skottland. No er han fengsla i påvente av resultatet i ei utleveringssak.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Nyleg vart mannen pågripen i Sogn og Fjordane. Nær seks år etter at han skulle fått dommen for dei to valdshandlingane han var funnen skuldig i.

Ein kamerat som deltok i ei av dei to handlingane fekk fengsel i to år.

– Det blir jobba med å få mannen returnert til Skottland. Sidan det er ei pågåande sak om manglande respekt for lova, så gir vi ikkje ytterlegare kommentarar, seier ei kjelde i skotsk politi.

Ynskjer ikkje utlevering

Mannen, som er i 30-åra, vart pågripen berre få dagar etter at han vart etterlyst internasjonalt. No skal retten ta stilling til om mannen skal utleverast, noko mannen sjølv ikkje ynskjer.

Mannen hevdar vilkåra for utlevering ikkje er til stades. Verken tingretten eller lagmannsretten tok omsyn til dette.

Forsvarar Kim Villanger ynskjer ikkje å kommentere om dette har samanheng med den ventande straffa i Skottland.

– Eg ynskjer ikkje å gå nærare inn på grunnane. Det blir ei eiga vurdering seinare, så eg ynskjer ikkje å føregripe den, seier han.

Stakk av før dommen

Politiet meiner det er grunn til å tru at mannen igjen vil prøve å stikke av for å unngå å bli straffeforfølgd. Mannen møtte til fleire førebuande rettsmøte frå mai til desember 2013, og stilte også til den fem dagar lange hovudforhandlinga.

Då dommen skulle falle ein månad seinare, møtte mannen ikkje i retten. Sidan han vore utilgjengeleg for skotske styresmakter.

Siste åra har han budd i Noreg og er i fast jobb på Vestlandet. Han har også familie i Noreg.

– Lagmannsretten finn at dette talar for at han bevisst har søkt å unndra seg den straffa som han skulle bli målt ut, skriv lagmannsretten.

Mannen avviser at han vil stikke av, og vil ifølgje rettsboka akseptere ei rettsleg avgjerd om utlevering.

Fengsel på livstid

Det er ukjent kor alvorleg valdshandlingane er, men det skal etter det NRK kjenner til vere tale om overfall med skadefølgje. Eit av dei mest sentrale spørsmåla i utleveringssaka er straffa som mannen risikerer i Skottland.

Maksimumsstraffa på lovbrota er fengsel på livstid. Difor viser forsvaret også til Arrestordrelova når dei klart meiner at overleveringa må avslåast:

dei forholda som ligg til grunn for arrestordren kan straffast med fridomsrøving på livstid, skal arrestordren avslåast om ikkje den utferdande staten forsikrar at straff som nemnd vil bli vurdert gjort om eller unnlaten fullbyrda, anten etter oppmoding eller seinast etter 20 år,

Arrestordrelova § 11 / Lovdata

Politiet meiner på si side at mannen lite truleg får livstidsstraff av den skotske domstolen.

Ifølgje avgjerda til tingretten kan politiet halde mannen varetektsfengsla til 7. desember.