Har venta 25 år på gul midtstripe på europavegen

ETNE (NRK): Fleire riksvegar er så smale at to vogntog ikkje kjem forbi kvarandre. I Etne har dei venta i minst 25 år, men veit framleis ikkje kva tid 15 kilometer av europavegen får to felt.

Steinar Frønsdal ved E134 i Etne

SMALT: Steinar Frønsdal køyrer skulebuss i Etne, og får problem når han møter andre store køyretøy på E134.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Eg ser at folk er redde når dei møter meg på vegen. Dei trekkjer seg inn mot midten i staden for å halda sida si, fordi dei er redde, seier Steinar Frønsdal.

Han køyrer skulebuss i Etne. Det kan vera skummelt å setja av ungar langs den smale vegen.

Her er det ikkje alltid plass til busslommer, og i grøfta er det spor etter vogntog som har lirka seg forbi andre.

Vanskeleg tungtransport i Mørkelikrysset på E134 i Etne.

HOVUDVEG: Yrkessjåførar fortel at dei øydelegg speglar, felgar og dekk i møte med andre store køyretøy.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Rundt 500 bussar og vogntog køyrer dagleg på denne strekninga på E134, som er hovudvegen mellom Haugesund og Oslo.

Nord-Noreg og Veslandet er verst

Det blir transportert verdiar for over 500 millionar kroner over fjellet kvart døgn, ifølgje Fikse næringsforeining. Dei samlar rundt 150 verksemder i Etne og Vindafjord.

– Eitt av våre firma knuser ein spegel i veka. Store vogntog må stoppa og rygga på europavegen, seier dagleg leiar Asbjørn Moe.

E134 i Etne

ARBEIDSPLASS: Kvart døgn blir det køyrt varer for ein halv milliard kroner over fjellet, ifølgje Fikse næringsforeining.

Rundt 11 prosent av riksvegnettet er så smalt at det manglar gul midtstripe, viser tal frå Statens vegvesen. Desse vegane finst nesten berre i Nord-Noreg og på Vestlandet.

– Det er ikkje bra nok at vogntog må stoppa når dei møter kvarandre på hovudvegnettet vårt, seier Turid Stubø Johnsen, som er avdelingsdirektør for samfunnsutvikling og klima i Statens vegvesen.

Det er politikarane som avgjer kva vegar som skal utbetrast. Johnsen seier det blir lagt stor vekt på kor ein får mest muleg att for pengane.

Riksvegar utan midtstripe

Område

Antal kilometer

Nord-Norge (Nordland, Troms og Finnmark)

ca. 785 km

Midt-Norge (Trøndelag og Møre og Romsdal)

ca 65 km

Vestlandet (Vestland og Rogaland)

ca 270 km

Sørlandet (Buskerud og Telemark og Agder)

ca 60 km

Østlandet (Innlandet, Viken og Oslo)

ca 30 km

Regjeringa seier nei til meir bompengar

Strekninga aust for Etne sentrum krev store investeringar. Dette er blant prosjekta som no kjempar om å koma med i neste Nasjonal transportplan.

På vestsida har det vore planar om å gjera vegen breiare sidan 1995, ifølgje ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp).

Dette prosjektet ligg inne i Haugalandspakken, men nyleg sa samferdsledepartementet nei til å auka bompengetakstane på Haugalandet. Fleire prosjekt står difor i fare.

Farlegaste busstoppet mellom aust og vest

Arbeidet med å utbetra eitt av kryssa langs vegen starta likevel i førre veke, etter 25 års ventetid.

Ordførar Mette Heidi Ekrheim i Etne markerer anleggsstart for utbetring av Mørkelikrysset på E134.

FØRSTE GRAVETAK: Etter 25 år med venting kunne ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim endeleg setja i gang arbeidet på Mørkelikrysset.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Mørkelikrysset blir kalla det farlegaste busstoppet mellom Haugesund og Drammen.

– Dette er ein god dag for alle i Etne. Det har vore stygge ulukker her, og det har stor signaleffekt at det no endeleg skjer noko på denne vegen, seier ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.