Hopp til innhold

Har vedtatt sal av Fjord1 til Havila

LEIKANGER (NRK): Fylkestinget går samrøystes inn for sal av Fjord1-aksjane til Per Sævik og Havila.

Fjord1

SKIFTE AV EIGAR: Sogn og Fjordane fylkeskommune har selt sine aksjar i Fjord1 til Per Sævik og Havila.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Dette har vore ein lang og krevjande prosess. Eg er veldig glad for at vi kan sette punktum. Det er bra for selskapet, fylkestinget og for folk i fylket, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Fylkestinget har formelt vedtatt eit sal av Fjord1-aksjane til Per Sævik og selskapet hans Havila AS. Salssummen er på 1,065 milliardar kroner.

Vedtaket vart gjort samrøystes etter nær ein time med debatt. Per Sævik var til stades under møtet og var godt nøgd med vedtaket.

– Det er ei stor tilfredsheit frå mi side etter debatten her i dag. Det lovar godt for framtida etter eit samrøystes vedtak. Eg er sjølvsagt særs glad for det som har skjedd, seier Sævik.

Eit samrøystes fylkesutval si innstilling til Fylkestinget var å selje Sogn og Fjordane fylkeskommune sine aksjar i ferjeselskapet Fjord1 til Sævik.

Skal brette opp ermane

Ved salet av Fjord1 er ikkje Norges største ferjeselskap i offentleg eige lenger, men over i hendene til Sævik og Havila.

Sævik

MED EIGEN FJORD1-PIN: Per Sævik var einaste i salen med Fjord1-pin på jakkeslaget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ein har sleppt styringa på eit selskap som fylkespolitikarane har hatt kontroll på lenge. Det er ei utfordring å leve opp til forventingane, seier Sævik.

Korleis skal de greie å leve opp det?

– Det er hardt arbeid og vi skal opptre heiderleg, og sørge for at Fjord 1 er i front for den nye grøne utviklinga og vere konkurransedyktig. No skal vi brette opp ermane og starte opp så fort som mogleg, seier Sævik.

Under fylkestinget var det fleire av fylkestingsrepresentantane som omtalte Sævik som heidersmann.

– Det set eg naturlegvis pris på. Ingen må vere i tvil om at dette er eit betydeleg ansvar som vi vil leve opp til så godt vi kan, seier Sævik.

God kjensle for salet

Etter at eit samla fylkesting godkjende avtalen med Sævik og Havila var fylkesgruppeleiar for Frp, Frank Willy Djuvik, godt nøgd med den nye eigaren.

Frank Willy Djuvik

GOD KJENSLE: Fylkesgruppeleiar for Frp, Frank Willy Djuvik, meiner den nye eigaren av Fjord1 vil vere ein god eigar framover.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er ei god kjensle for salet av Fjord1 til Sævik. Han vil vere ein god eigar som vil utvikle selskapet framover, sikre arbeidsplassar og skape verdiar i fylket.

Det har lenge vore strid kring salet av Fjord 1. Under fylkestinget var det diskusjonar om ein burde ta ei full runde på neste fylkesting der ein skal evaluere saka på ny.

– Vi må ha ting som vi kan bryne oss på. Når det gjeld Fjord1 er det nok mange ting vi kan sjå på, men samtidig er det fleire ting vi allereie har gjort, blant anna gransking og evaluering. Det er nok meir å evaluere, men eg er usikker på kor mykje vi har å lære av det, seier Djuvik.

Kan unngå rettssak

Sogn og Fjordane fylkeskommune kan med dette unngå den varsla rettssaka med Havila ved sal av Fjord1-aksjane til Per Sævik.

Fylkeskommunen sine aksjar vart i november selde til Torghatten, men dette salet vart stoppa av Konkurransetilsynet i juni.

Sævik som til no har vore minoritetseigar i Fjord1 har heile tida hevda at dei har forkjøpsrett, og får no kjøpe seg opp til ein eigardel på 67 prosent av aksjane i ferjeselskapet.