FJELLVEGGEN: Fjellsida over den knuste tunnelmunninga.
Foto: Statens vegvesenDet seier regionvegsjef Helge Eidsnes i ein pressemelding frå Vegvesenet.
I går kveld skreiv Statens vegvesen kontrakt med Gjerden Fjellsikring. Eidsnes forklarar valet med at selskapet kan stille med flest ressursar og kan gjere oppryddinga etter det store raset i Tokagjelet raskast mogleg.
– Så langt det er praktisk mogleg skal det vere aktivitet i Tokagjelet 24 timar i døgnet utanom sundag.
Stengt til november
Det var seint sundag kveld den 15. september at eit enormt ras knuste vegen og tunnelmunninga ved Snauhaugtunnelen på fylkesveg 7 mellom Norheimsund og Kvamskogen. Heldigvis vart ingen treft av raset.
Raset har ført til at hovudvegen mellom Bergen og Hardanger vert stengt heilt til november. I verste fall fram til 10. november. Det har fått store konsekvensar for innbyggjarane og næringslivet i området.
- LES OGSÅ: |
Artikkelen held fram under videoen
SJÅ VIDEO: Rasstaden i Tokagjelet sett frå helikopter.
Hadde trykk frå første dag
Då Vegvesenet informerte om den lange stenginga på eit møte i Kvam herad måndag ettermiddag, lét ikkje reaksjonane vente på seg.
Fleire meiner at det tek for lang tid å rydde opp etter raset.
– Vi er eit heilt lokalsamfunn her som føler vi ikkje blir tatt omsyn til nok. Eg hadde forventa at dei hadde klart å arbeida raskare. Det er tragisk for Kvam, sa ein av tilhøyrarane.
I dag svarar Vegvesenet på kritikken.
– Vi hadde alt frå dag ein full trykk på dette arbeidet, men i ein første fase er dette kanskje mindre synleg. Då handlar det om å kartleggje og skaffe oversikt, forklarar Eidsnes og legg til at han har stor forståing for dei som er råka av raset.
SIKRINGSARBEID: Ein klatrar jobbar i fjellveggen over vegen i Tokagjelet.
Foto: Jon Bolstad / NRKSkal jobba døgnet rundt
– Det er eit omfattande ras og det er ikkje berre å sende folk ukritisk opp i fjellet. Første prioritet er å sikre at dei som faktisk skal utføre oppryddingsarbeidet får gjort det under trygge omstende, seier Eidsnes.
Seksjonsleiar Lars Øyre på Voss forklarar kvifor arbeidet vil ta tid.
– Når så enorme massar er i rørsle, og så mykje av fjellet forsvinn er det stor grunn til å tru at ligg igjen store mengder med laus stein. Det er også truleg at det påverkar andre sprekker i veggen og faren for at nye og større parti kan rase ut er meir sannsynleg enn ved mindre ras.
Vegvesenet vil vurdere om ein skal ha dirigere trafikken forbi staden i periodar, etter kvart som ein nærmar seg november.