Hopp til innhold

Har tru på gruvedrift

Gruvedrift i Engebøfjellet vil få omfattande konsekvensar for miljøet i Vevring og Naustdal. Det syner konsekvensanalysen.

Engebøfjellet
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Nordic Mining planlegg eit utvinningsanlegg for rutil i Engebøfjellet som vil skape 175 arbeidsplassar.

Administrerande direktør Ivar Fossum seier dei vil gå vidare med planane.

- Vi har gjort eit stort utgreiingsarbeid for å prøve å finne ut av flest moglege konsekvensar knytt til ei mogleg gruvedrift.

Trur på godkjenning

Dette er første skritt i ei handsaming i dei politiske organa. I Engebøfjellet ligg verdas største, kjende førekomst av minrealet rutil, og selskapet ønskjer å starte drift i Vevring der dei ser for seg omsetning i milliardklassen.

Vi håpar jo at konklusjonen blir at vi kan utnytte rutil-ressursane i Engebøfjellet.

- Det vil få miljøkonsekvensar mellom anna for djupvassfisk. Trur du at de vil få godkjenning, til dømes frå miljøvernavdelinga til fylkesmannen ?

- Dei parameterane vi har sett på i prosjektet så langt, syns vi er så positive, at vi trur det er mogleg å lage ein spanande industriverksemd og samstundes ta tilstrekkeleg omsyn til både naturressursar, miljø og samfunnet, seier direktøren.

Sjå og Mineral splittar sunnfjordbygd og Engebøfjellet kan bli valkampsak