– Det er eit seint innsig i år, men no er vi i gang, seier leiar i Lærdalselvi elveeigarlag, Lasse Sælthun.
Før førre veke hadde fiskarane landa 167 laks i Lærdalselvi, men berre i løpet av førre veke vart det teke 194 laks.
Trenden har snudd
SKEPSISEN HAR SNUDD: Leiar i Lærdalselvi elveeigarlag, Lasse Sælthun, var svært skeptisk i byrjinga av sesongen, men no har skepsisen blitt til håp.
Foto: Sondre Dalaker / NRKPå dei to fyrste døgna elva var open vart det berre landa ti laksar. Dette skuldast ein sein vår, ei kald og i periodar stor elv. Men no er trenden snudd, spesielt i nedre delar av elva.
– Fiskarane er svært godt nøgde. Innsiget kjem sjølvsagt fyrst i nedre delar av elva, så fiskarane som held til der trur eg har det veldig fint, seier Sælthun.
Han håpar og trur resten av sesongen blir bra.
– Eg var veldig skeptisk i byrjinga av sesongen når ho var så kald, men no har eg eit bra håp om at resten av sesongen blir god, fortel Sælthun.
- Les også:
- Les også:
Temperaturauke gjev betre fiske
I Flekkeelva i Fjaler har elva no minka ned, noko som gjer det litt vanskelegare å få fisk. Men fisken bite likevel meir enn tidlegare denne sesongen.
– Ein har fått ein 110 til 115 fisk, noko som er bra sidan vi om lag ikkje fekk noko på byrjinga av sommaren, seier grunneigar i Flekkeelva, Ola Kjell Loneland.
Han fortel at det er temperaturauken i elva som gjer at det no går betre, men at alt avheng om det kjem regn framover.
I Nausta i Naustdal har dei fått godt med fisk heile sesongen, men laksen har framleis ikkje gått langt opp i elva.
– Vi har fått 1 300 kilo laks på 1,2 kilometer elv, så det er jo bra. Men i fjor var det fisk i heile elva allereie 1. juni, fortel Eiliv Erdal, leiar i Nausta elveeigarlag.