Hopp til innhold

Har tatt ut sju jervar - jaktar nummer åtte

Nok ein jerv er felt i Luster. Det er den sjuande jerven som er skoten i Sogn og Fjordane i år.

Jerv

ROVDYR: Jerven er det største medlemmet av mårfamilien. Den kan normalt bli 10-12 år gammal.

Foto: BBC

– Det vart felt ei vaksen jervtispe i Nørstedalen i Luster. Dette er ein fast åteplass som har dei har der inne, opplyser seniorrådgjevar Hermund Mjelstad ved Fylkesmannen si miljøvernavdeling.

Det var torsdag i førre veke at jakta førte fram. Dermed er det avliva fem jervar Luster og to i Årdal sidan nyttår.

Fire tisper

I fjor sommar opplevde bøndene i sognekommunane rekordstore tap av sauer og lam til jerven.

Jerven er i utgangspunktet eit freda dyr. Men i tråd med rovviltforvaltninga skal Sogn og Fjordane vere eit jervefritt fylke. Mjelstad meiner det er viktig at ein no har fått tatt ut så mange som sju dyr.

– Det seier noko om at det er mykje jerv i Sogn og Fjordane. Sjansane for at bestanden skulle auke har vore stor. Det har vore fire tisper. Hadde ikkje desse blitt tatt ut, ville vi fått endå fleire til neste år, seier han til NRK.

Streifar på grensa til Oppland

Er det håp om ein betre sommar for husdyrbeite no?

– Det er det som er håpet. Det er framleis Jerv som held til i grensestrøka til Oppland. Både i Stryn, Luster, Årdal og Lærdal. Kva som skjer til sommaren veit vi ikkje, men håpet er at det skal bli betre enn i fjor. Då hadde vi eit ekstremt skadeår, svarer Mjelstad.

Fylkesmannen har til å felle éin jerv i Lærdal. Denne jakta er så langt ikkje avslutta. Jaktlaget har frist ut veka.