Hopp til innhold

– Nett no er det mange som misunner meg

I 25 år har han stelt med rosene i Høyanger sentrum. – Det finst ikkje ein betre jobb enn dette, seier kommunegartnar Per Gunnar Thue i Høyanger kommune.

Han har stelt rosehagen i Høyanger i 25 år.

SJÅ VIDEO: Per Gunnar Thue har full kontroll på rosene i Høyanger.

– Her er ei veldig fin kvit stilkrose. I slikt vêr me har no er den veldig fin, men blir det litt regn er den ikkje så fin, då legg den seg litt og ofte rotnar knopane.

Per Gunnar Thue, kommunegartnar i Høyanger, kan sine roser. Rosene i Høyanger sentrum vart planta for 25 år sidan, og det er Thue som har hatt ansvaret for dei alle desse åra.

– Det røyner jo litt på når ein skal stå på kne heile dagen, så difor har eg fått sydd inn puter på knea, slik at eg kan krabba litt rundt og slikt, men det går no stort sett bra, det er mange dyktige fysioterapeutar rundt om kring, seier han.

Over 1000 roser prydar Høyanger sentrum Grøne fingrar og lang erfaring må til for at rosene skal trivast i klimaet langs Sognefjorden.

I år har han planta 25 typar roser. Sjølv kunne han ikkje tenkja seg noko anna å fylla arbeidsdagen med.

– Det finst ingen betre jobb enn å gå rundt å pusla med blomar og planter i så fint vêr som dette. Nett no er det mange som misunner meg.

Per Gunnar Thue

MANGE TIMAR: Det er blitt nokre timar i rosebeda etter kvart, men Thue stortrivst.

Foto: Silje Bråstad / NRK