Alpintalent har henta heim seks FIS-sigrar på to veker

– Vi har lov til å glede oss over dette. Vi er ein liten krets og har veldig mange odds mot oss allereie før alpinistane flyttar ut.

Andrine Mårstøl

LEVERER: Sidan sesongstarten 29. november har Andrine Mårstøl køyrt inn til pallplasseringar i alle FIS-renna ho har stilt i. Hennar dårlegaste plasseringar kom i Europacupen i Trysil med ein 37.-plass og ei utkøyring.

Foto: Privat

Det seier Per Asbjørn Felde, leiar i alpinkomiteen i Sogn og Fjordane.

– Dette er kjekt, men også inspirerande for dei yngste alpinistane, legg han til.

Med fem sigrar og to andreplassar på FIS-renn, har Andrine Mårstøl (Haugen) verkeleg levert varene sidan sesongstart 29. november.

Andreas Strand på toppen av pallen.

ØVST: For første gang i eit FIS-renn gjekk Andreas Strand heilt til topps på Bjorli i dag. – Fleire skal det bli, seier jølstringen.

Foto: Ingrid Hamnes

Laurdag følgde Andreas Strand opp med sin eigen og Jølsters første siger på Bjorli.

– Eg har leia fem-seks gonger før, men alltid rota det til. Det var veldig etterlengta å køyre inn til førsteplass, seier 20-åringen.

Klar for utlandet

Eitt år yngre Mårstøl har denne helga fri frå konkurranse for å finpusse teknikken. Laurdag fekk ho likevel medaljen for ein solid sesongstart.

I januar skal ho for første gang forsvare dei norske fargane under europacupen i utlandet. Då går turen til Italia, Sveits og Austerrike.

  • NRK skreiv laurdag at ho truleg er den første kvinna frå fylket, men Tonje Norheim (Sogndal) køyrde fleire løp før ho la opp som alpinist i 1999.
Andrine Mårstøl

_– Vi har ustabile vintrar på Vestlandet og varierande treningsforhold for alpinistane. Då er det utruleg kjekt å sjå at alpinistar herifrå likevel kan hevde seg, seier leiar i alpinkomiteen, Per Asbjørn Felde_

Foto: Harald Kolseth / NRK

Det er jo eit heilt anna nivå enn FIS, og det neste steget mot verdstoppen. Eg gler meg til å teste det ut, seier 19-åringen frå Eid.

– Kva har skjedd?

– Spør du meg, så spør eg deg. Men sommaren og hausten har vore skade- og sjukdomsfri, så treningsgrunnlaget er absolutt der.

Byggjer sjølvtillit

Veksande sjølvtillit har ein finger med i spelet. Mårstøl avslutta førre sesong med 21.-plass i Hemsedal. I år opna ho med siger.

– Eg var veldig nervøs for om det skulle halde i første rennet. Du bygger sjølvtillit for kvar gong du klarer det, seier 19-åringen.

Same erfaring håpar Strand å gjere seg.

– Den store skilnaden frå tidlegare er to omgangar med vanleg, god køyring. Når også det mentale er på plass, du ufarleggjer det å leie, senkar skuldrene og fokuserer på køyringa, så blir det bra, seier jølstringen.

Imponerer leiaren

Per Asbjørn Felde
Foto: Steinar Lote / NRK

Tolmodet og den målbevisste satsinga til dei lokale alpinistane imponerer komiteleiar Felde. I tillegg leverer Åge Solheim (Haugen) gode resultat i statane, medan også Emma Åsebø ser ut til å vere på god veg tilbake etter to skadeprega sesongar.

Felde trur ikkje det er urealistisk å håpe på lokale utøvarar i verdscupen for eit av verdas beste alpinlandslag.

– Det er ein brutal idrett og nålauget er frykteleg trongt. Er ein tolmodig over tid og presterer godt nok, så er ein i Europacupen. Presterer ein der også, så er ein på verdscuplaget, seier han.

– Du lukkast til slutt med rett innstilling. Resultata kjem ikkje i morgon, seier han.

For Strand sin del ventar større oppgåver med fleire sigrar mot sterkast mogleg startfelt.

– Eg føler eg har eitt toppnivå som eg ikkje har fått vist til no. Fire-fem sigrar til, så får eg kanskje sjansen i Europacupen. Men eg må bli meir avslappa, bli meir stabil og kome oftare i mål, humrar han.