Hopp til innhold

Stod fast i mange timar – nekta å ta imot hjelp

Ein polsk vogntogsjåfør må bevise at han klarer å køyre på norske vintervegar før han får att førarkortet sitt. Måndag stod han i timevis og spann på fylkesvegen i Bremanger.

Ålfotdalen

– Politiet på staden har gitt føraren køyreforbod. Det er gjort eit mellombels beslag i førarkortet, seier operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt like etter klokka 22 måndag kveld.

Magnussen seier saka blir vidare følgt opp av det lokale lensmannskontoret. Før køyreforbodet blir oppheva må sjåføren bevise at han klarer å køyre på dei norske vintervegane.

Hadde berre ein kjetting

Den utanlandske semitraileren hadde berre ein kjetting og stod fast på fylkesveg 614 i Ålfotdalen Bremanger i fleire timar måndag ettermiddag og kveld. Til slutt vart han dregen til Svelgen av bergingsbil.

Like før klokka 21 måndag kveld melde politiet at bilbergar drog med seg semitraileren til Svelgen. Der vil politipatruljen ta ein nærare sjekk av blant anna dekka.

– Om dekka til dømes er dårlege, vil det bli snakk om køyreforbod, fekk NRK opplyst ved politiet sin operasjonssentral.

Nekta å ta imot hjelp

Semitraileren, som ikkje har last, fekk problem på vegen mellom Svelgen og Isane måndag ettermiddag. Føraren skal ifølgje politiet berre hatt med seg ein kjetting til å hjelpe seg med, og vart ståande og spinne i bakkane på veg opp Ålfotdalen.

– Sjåføren ønskjer ikkje hjelp frå bilbergar, sjølv om han har stått fast sidan klokka 15 i dag, opplyste politiet litt før klokka 18.30 måndag kveld.

Ifølgje operasjonsleiaren er det ikkje uvanleg at spesielt utanlandske sjåførar nektar å ta imot hjelp når dei får problem på norske vintervegar.

Det har vore passering for anna trafikk på staden, men semitraileren stod litt ugunstig plassert, og laga det politiet karakteriserte som trafikale problem. Dei sende difor ut ein patrulje for å rydde opp i problema.

– Vi har rykt ut for å få ordna opp i dei trafikale problem. Om vi kjem til å pålegge sjåføren å få hjelp av bilbergar vil verte vurdert når vi kjem fram og får vurdert situasjonen, får NRK opplyst hos operasjonsleiaren i Vest politidistrikt.

Patruljen hadde halvannan time å køyre før dei kom fram. I 20-tida melde politiet at patruljen var på staden og at bilbergar då var i ferd med å hjelpe semitraileren laus.