Kvinna har vore sakna i to veker, og fredag vart det klart at Kripos også blir kopla inn i forsvinningsmysteriet.
Søket endra førre helg status til søk etter ein omkomen person. I 10-tida laurdag var store styrkar i full gang med eit storsøk etter Veronica Heggheim Stegegjerdet.
– Vi har per no 90 hjelpekorpsarar frå heile fylket og 43 frivillige fordelt på 16 søkjeteigar. I tillegg har vi fem personar i KO, seier Geir Ove Optun hos Røde Kors.
Søkjer på land og i fjorden
Politiet står utan spor etter den sakna kvinna. Ein har søkt langs elva, Barsnesfjorden og i terrenget i Årøy, utan å få noko nærare svar på kva som har skjedd med 22-åringen.
I bustaden hennar fann politiet hunden, katten, bankkortet og mobiltelefonen hennar. Politiet har teke utgangspunkt i kvinna sitt nærområde i søket sitt.
- LES OGSÅ: Heile fylket stiller opp i leiteaksjon
– Leitemannskapa er delt opp i ulike lag, med kvar sine søketeigar i området rundt Årøy, seier politiførstebetjent Svein Inge Harberg.
(Artikkelen held fram under videoen)
Tung og krevjande terreng
Det blir søkt i terrenget på begge sider av Årøyelva og Barsnesfjorden. Det blir også søkt i og ved Årøyelva, samt gjennomført overflatesøk med båt på fjorden.
– Når søket er gjennomført, så er området klargjort, seier Optun hos Røde Kors.
I terrenget går leitemannskap manngard. Regionlensmann Asle Karoliussen har tidlegar fortalt at det er kulpar i elva som ein tidlegare ikkje har fått søkt igjennom grunna høg vasstand.
- LES OGSÅ: Her har dei søkt etter Veronica (22)
– Terrenget er veldig bratt og ulendt, og i elva er det glatte svaberg. Vi har eigne grupper som tek seg av dei mest krevjande områda. Men det er uansett eit tungt terreng å søke igjennom, seier Harberg.
(Artikkelen held fram under biletet)
Held på så lenge det er lyst
– Planen er å søkje i dag, og å halde på så lenge det er dagslys. Om vi ikkje får gjennomført områda vi ynskjer, så må vi gjere ei ny vurdering av kva som skjer vidare, seier Harberg.
– Søkjer de i område de også tidlegare har søkt?
– Det er både nye område, og område som også tidlegare har vore gjennomgått tidlegare. Men no har vi fleire folk ute samstundes. Det gir oss høve til grundigare søk, og søk i større område enn tidlegare.
Politiet oppmodar dei som kan ha tips eller informasjon i saka, om å ta kontakt på telefon 57 75 88 00.