Hopp til innhold

Har sprunge 230 kilometer på éi veke - no satsar han mot EM 2016

Langdistanseløparen Marius Vedvik frå Førde er snart ferdig med treningsopphaldet på Tenerife. I løpet av ei veke har han gjort unna 23 mil.

Marius Vedvik

SATSAR MOT EM: Marius Vedvik har nedjustert planane om OL i Rio 2016, og satsar heller mot EM i Nederland same år.

Foto: Alf Vidar Snæland

– Det har vore tungt til tider, men det har gått ganske greitt. Eg har god matching i Ørjan Grønnevik, som tok fire NM-gull i fjor. Det hjelper veldig på å trene i lag, då blir det lettare å trene så mykje mengde, seier Vedvik.

Onsdag set han seg på flyet heim til Bergen, der han bur og studerer, og han er godt nøgd med treningsopphaldet på Kanariøyane.

– Det var planlagt å springe så mykje mengde, men det er meir enn eg har gjort tidlegare, seier Vedvik.

Spring 80 kilometer meir enn i fjor

På same tidspunkt i fjor sprang han 150 kilometer, han har dermed auka monaleg på eitt år.

– Eg har teke eit val om å trene meir for å nå dei måla eg har sett meg, seier Vedvik.

Han har tidlegare hatt som mål å kvalifisere seg til OL i Rio i 2016, men dette har han nedjustert.

– Eg siktar no mot EM i Nederland i 2016. Eg har erkjent at OL i Rio vert for tøft. Eg skal prøve å gjere eit forsøk, men det er meir realistisk å satse på EM, seier Vedvik.

For å kvalifisere seg til EM må han springe 10.000 på 28,55.

– Per i dag spring eg på 30,00, så det er eit godt stykke ned, seier Vedvik.

Skal ned på 29,30 i år

Han er godt nøgd med progresjonen så langt i år, og er glad for at han har halde seg skadefri.

– Frå 1. januar og til no har eg fått trent veldig godt, og mykje betre enn i fjor. Eg føler at eg er på rett veg, og eg er ganske sikker på at det kjem til å gå fort i år, seier Vedvik.

Han har som mål å springe 10.000 meter på 29,30 allereie i år.

– Då har eg i utgangspunktet krinsrekorden som Bjarne Huseklepp har sett, men sidan eg spring for Gular, så blir det ikkje mogleg å ta den rekorden, seier Vedvik.

Han ser likevel ikkje vekk ifrå ein overgang til Førde i sommar.

– Vi får sjå korleis det vert, seier Vedvik.

Har drukke for mykje i varmen

Han gjennomfører mellom 10 og 14 økter i veka, to av desse er styrkeøkter.

– Eg varierer mellom rolege økter og intervall, seier Vedvik.

Ei utfordring for ungguten har vore å takle varme når han deltek i løp på andre breiddegrader.

– Eg har trent i mellom 20 og 25 grader her på Tenerife, og det har gått betre og betre, seier Vedvik.

For å prestere i lange løp, handlar det om å få i seg nok væske, men det er viktig å ikkje få i seg for mykje heller.

– Ein må venje seg til kor mykje ein skal drikke. Eg har drukke for mykje vatn og prestert dårleg på grunn av det. Så det er ein balansegang å få det til, seier Vedvik.

Går for medalje i NM

21-åringen studerer samanliknande politikk i Bergen, men satsar for fullt på idretten.

– Neste løp vert NM i terrengløp på Stord 4. april. Der har eg ambisjonar om å komme på pallen, seier Vedvik.

Han føler han ligg godt i rute til NM, og vil gjerne toppe sølvet frå i fjor.

– Eg vil prøve å ta medalje der, det er innanfor rekkjevidd. Det er fullt mogleg å ta gull dersom alt klaffar, seier Vedvik.