Har rykt ut til 343 brannar berre i mai

343 brannar på inn- og utmark på landsbasis. Mai har vore ein hektisk månad for brannmannskap i Noreg.

Brumunddal brannvesen skogbrann Furnes almenning

HEKTISK: Så langt i år har det vore 546 brannar i inn- og utmark i Norge. 26 av desse i Sogn og Fjordane.

Foto: Hedmarken brannvesen

Det som kan bli ein historisk varm mai-månad ligg også høgt på brannstatistikken.

Utan nemneverdig nedbør i vente dei neste ti dagane, kan årets 546 brannar i inn- og utmark bli langt fleire.

Anne Rygh Pedersen, avdelingsdirektør for Næringsliv, produkter og farlige stoffer
Foto: Anita Andersen / DSB

– Talet er høgt og magekjensla seier meg at vi sjeldan har ein mai med så mange brannar, seier avdelingsdirektør Anne Rygh-Pedersen i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

– Den minste gneiste kan vere nok

Skogbrannindeksen til Yr.no er knallraud for heile landet, sett vekk frå dei tre nordlegaste fylka. Og DSB har høg beredskap, med åtte helikopter i beredskap på Værnes, Kjeller, Kinsarvik, Sauda, Stavanger, Bringeland og Torp.

Brann i Holvik i Vågsøy

MANGE BRANNAR: Så langt i år har det vore 26 brannar i inn- og utmark i Sogn og Fjordane. Biletet er frå ein av tre brannar i Vågsøy i mai.

Foto: Eva Westvik

Både søndag og måndag var fire-fem brannar aktive. Mellom desse to i Vågsøy, der sivilforsvaret og det lokale brannvesenet framleis jobbar med å sløkke ulmebrannar.

Framleis brenn det også på øya Ombo i Rogaland, der kring 1.500 mål skog er svidd av.

Sjølv om det framleis er eit stykke fram til dei nær 1.300 brannane i 2014, ber avdelingsdirektøren i DSB folk om å vere ekstremt varsame og lytte til eventuelle forbod.

Ni av 10 brannar i skog og utmark skuldast menneskeleg aktivitet, og ofte aktløyse. Bålbrenning og grilling er dei vanlegaste årsakane.

– Forholda ute i naturen er så pass ekstreme at vi innstendig oppmodar folk til å bruke hovudet. No er den minste gneiste nok til å setje fyr på skog. Vi må saman ta ansvar for å unngå den situasjonen, seier Rygh-Pedersen.

Litt kaldare

Frode Hassel

METEOROLOG: Frode Hassel seier juni-vêret vil halde fram slik mai slutta, med varmt og tørt vêr.

Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK

Statsmeteorolog Frode Hassel seier at faren for skogbrannar ikkje vil vere over med det første. Sjølv det både torsdag og fredag kan komme lokale ettermiddagsbyer over delar av Sør-Noreg.

– Det vil ikkje vere nok til å gjere noko med skogbrannfaren. Dei fleste stadane vil ikkje få nedbør i det heile, seier han.

Over helga kan temperaturen gå gradvis nedover.

– Men prognosen, som går ti dagar fram i tid, viser at det vil halde fram med fint og tørt vêr, seier han.