Hopp til innhold

Har rydda vekk raset i Veitastrond

Skuff for skuff har gravemaskiner og fresar i dag rydda vekk det kjempestore raset som sperra folk i Veitastrond ute frå resten av verda.

Rydding av ras i Veitastrond

LITT AV EIN JOBB: Det er mykje snø som skal vekk etter kjemperaset i Veitastrond.

Foto: Kristian Kjesbu

- Vi har begynt på det, men det er umogleg å seie kor lang tid det vil ta, sa Asbjørn Røneid som er byggjeleiar i Statens vegvesen til NRK onsdag føremiddag.

Ut på ettermiddag var vegen opna.

- Vegen er no brøyta og vi opnar den frå klokka 17 til klokka 21 onsdag kveld, seier Røneid.

Har vore innesperra sidan laurdag

Det er mektige krefter som har vore i sving i Veitastrond. Eit nesten 400 meter breitt skred gjekk laurdag rett over vegen mellom Veitastrond og Hafslo i Luster.

Sidan då har dei vel 120 innbyggjarane vore utan vegforbindelse.

Ein luftputebåt har vore den einaste forbindelsen innbyggjarane har hatt med omverda.

Fleire av innbyggjarane i bygda har flytta vekk og vil ikkje flytte tilbake før vegen har opna att.

Skuff for skuff - meter for meter

Ras i Veitastrond frå helikopter

MYKJE SNØ: Det ligg framleis mykje snø att i fjellet. Arbeidet med ryddinga kan difor bli stogga om vêret slår om.

Foto: Asbjørn Røneid

Onsdag starta ein arbeidet med å rydde vekk skredet. Og det var litt av ein jobb som låg framføre dei.

- Det ligg mykje snø att oppe i fjellet, og det er berre ein liten del av dette som har kome ned på vegen, seier Røneid.

Med gravemaskiner og fres på kvar side vart meter etter meter med snø måka vekk.

- Stengjer vegen att i kveld

Det var først ikkje klart om ein ville klare å opne vegen onsdag. Dersom ein ikkje klarte dette hadde arbeidet blitt stoppa. Årsaka var dårlege vêrmeldingar.

Når vegen onsdag kveld vert opna er det berre for nokre timar.

- Vi stengjer vegen att onsdag kveld klokka 21. Vegen vil også vere stengd torsdag fordi det då er meldt om både nedbør og vind i fjellet, seier Røneid.

  • LES OG: Krev meir rassikring
    Ras i Veitastrond

    STORT: Raset som gjekk i Veitastrond laurdag er nesten 400 meter breitt.

    Foto: Kristian Kjesbu