Hopp til innhold

Ber folk om å halde seg unna flaumområde

Politiet oppmodar folk om å halde seg unna stader der flaumen har gjort skadar og har oppretta ferdselsforbod i fleire område.

Vatn i vegen inn til Mørkridsdalen etter flaumen i Luster

ETTER FLAUMEN: Det er framleis mykje vatn i vegen inn til Mørkridsdalen etter flaumen i Luster.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Måndag la politiet ned ferdselsforbod i Luster og Odda for å sikre at folk ikkje kjem til skade der flaumen har gjort store øydeleggingar.

Regiondirektør i NVE, Brigt Samdal, har erfaring med at dei store vassmengda kan gjere folk nysgjerrige. Då kan det hende folk går lenger ut på kanten enn det som godt er.

Brigt Samdal - Regionsjef Vest NVE

ÅTVARAR: Brigt Samdal i NVE seier det ikkje er trygt å gå for nære dei store vassmengda.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

– Mange vil gjerne finne ut korleis det går med eigedomen sin eller synest det er spanande å sjå store vassmengder, men ein skal ha respekt for vatnet. Det kan vere ustabile og undergravne sidekantar på elvane som ser fine ut, men som kan kollapse viss dei får belastning. Då hamnar ein i elva og det ønskjer vi ikkje.

Det er framleis mykje og sterk vassføring i elvane, så sjølv om vassnivået er på veg ned, er det på ingen måte trygt.

– I Luster vil det i alle fall ta eitt døgn til, og sjølv etter det må ein ta visse forholdsreglar. Så ein må vere forsiktig, seier Samdal.

Desse områda er ikkje sikre å bevege seg i:

  • Fylkesveg 333 mellom Skjolden og Mørkridsdalen, Luster
  • Fylkesveg 331 mellom Skjolden og Urnes ved Sørheim, Luster
  • Brua over Opo-elva, Odda

På strekninga mellom Osen bru og Eldalsosen ved Hestad i Gaular blei ferdselsforbodet oppheva måndag kveld. Vegen var framleis stengt ved Hestad, men det finst alternativ med omkøyringar, forsikrar politiet.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt seier at dei skal gjere ei ny vurdering på tryggleiken i tysdag.

– Det er ikkje godt å seie kor lenge vi vil ha eit ferdselsforbod, og skal difor ha eit møte i Skjolden i morgon for å gjere ei ny vurdering, seier Terje Magnussen.

Då vil det også vurderast om dei ni evakuerte i Fortunsdalen og Mørkridsdalen får flytte heim at.

Mykje vatn i elva i Skjolden, Luster, grunna flaum.-

LUSTER: Det er stor og sterk vassføring i elva.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK