Hopp til innhold

Har oppdaga ny fugleparasitt i Norge

Ein ny type parasitt er funnen på ein hane i Sunnfjord i Sogn og Fjordane. Det er første gong denne parasitten er påvist i Norge.

Høner

SMITTAR MELLOM FUGLAR: Den nye parasitten som er påvist på ein hane i Sunnfjord, er smittande høner imellom og for andre fugleartar. Menneske og andre dyr skal vere trygge for parasitten.

Foto: GUILLAUME SOUVANT / Afp

Fjørmidden Megninia kan føre til sjukdom både hos høns og andre fugleartar, men den kan ikkje smitte over på menneske eller andre dyr.

Parasittangrepa er ofte symptomfrie, men fjørfe med mykje parasittar kan få kløe, fjørplukking, hudbetennelse og nedgang i eggproduksjon.

Vil ikkje pålegge restriksjonar

Funnet vart gjort på ein avliva hane som vart sendt inn til Veterinærinstituttet for sjukdomskontroll. I staden for å få stadfesta den smittsame luftvegssjukdomen, infeksiøs bronkitt, fann dei ein heilt ny type fjørmidd.

– Så det var i grunn eit heilt tilfeldig funn på ein fugl frå Sunnfjord, seier seniorinspektør Terje Ramstad i Mattilsynet.

Mattilsynet har bestemt seg for å ikkje pålegge restriksjonar på dyrehald som er smitta. Men det er vanleg med utstrekt handel i denne næringa, og Mattilsynet ber difor folk som driv med fjørfe på hobbybasis, om å vere forsiktige.

– Vi har gitt nokre råd til næringa der vi oppmodar om å sjekke fuglane for sjukdom og at ein handlar tryggast mogleg, seier Ramstad.

Skal i gang med kartlegging

Dei skal no i gang med å sjekke alle buskapane som har hatt handel med dette fjørfehaldet. Sjølv om parasitten er påvist for første gong, kan den vere meir utbreitt enn det ein trur, vedgår Ramstad. Ein kan heller ikkje ha fullstendig oversikt over moglege konsekvensar.

– Denne parasitten kan også smitte andre fuglar, spurvefuglar, ender og duer blant anna. Så det er litt usikkert korleis det vil utvikle seg, og kor mykje denne parasitten eigentleg er å finne i Norge. Det blir ein av jobbane våre å kartlegge dette, seier han.

Dyr som er smitta av parasitten kan behandlast, og ifølgje Mattilsynet er det relativt enkelt å undersøke eigne fjørfe.

Eit godt tips er å setje fuglen på eit mørkt underlag, som til dømes ein svart søppelsekk, og rufse den litt i fjøra. Flass eller støv som dett av, og som beveger på seg for eiga maskin, er eit teikn på midd, skriv dei på nettstaden sin.