Hopp til innhold

Får endeleg fiske, men lus gir grunn til uro

For første gong på 17 år er det opna for laksefiske i Lærdalselvi. Men det er eit skor i gleda. Det er oppdaga lus på ein del av fisken.

Det er oppdaga fisk med lus i Lærdalselvi

FÅR FISK, MEN: Det er oppdaga lus på ein del av villaksen i Lærdalselva. Det gjer fiskarane uroa.

Foto: Montasje: Kjell Arvid Stølen/NRK, Marit Hommedal/Scanpix

I underkant av 30 laksar vart fiska i løpet av opningshelga i det som Kong Harald har omtala som ein av fine favorittelver.

Elveeigar og presseansvarleg for elveeigarlaget i Lærdal, Rolf Bjørum, er godt nøgd. Men funnet av lakselus gir grunn til uro.

– Vi ser at det er ein del laks med mykje lakselus på seg, og det er jo sjølvsagt urovekkjande, seier han til NRK.no måndag morgon.

Har vore stengd sidan 1996

00.01 natt til laurdag opna laksefiske i elva som går gjennom Lærdal i Sogn. Det er første gong sidan 1996. Lakseparasitten Gyrodactylus salaris infiserte då elva, og sidan har ein kjempa ein lang kamp for å bli kvitt den.

Til sterke protestar mellom andre frå Norges Miljøvernforbund, blei fisken i heile Lærdalsvassdraget totalt utrydda med gifta rotenon i 1997. Kring 3000 sjøaurar og 200 laks strauk med etter giftkuren. Trass ny kur seinare same år, blei ein ikkje kvitt parasitten.

I 2005 starta eit forsøk på å utrydde gyrodactylus-parasitten frå vassdraget med såkalla surt aluminium i kombinasjon med rotenonutslepp. Og i 2012 starta endå eit nytt forsøk på å få vekk parasitten. Og arbeidet med dette har kosta, til saman 45 millionar kroner.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Endeleg opna laksefisket i Lærdalselvi.

SJÅ VIDEO: Dagleg leiar Knut Lindstrøm ved ærverdige Lindstrøm Hotel i Lærdal fortel om kor viktig lakseelva var for Lærdal.

Gler seg over at fisket i er i gang

Men i helga kunne altså fiskarane igjen stille seg opp langs breiddene på Lærdalselvi. Og fisk har det blitt. Likevel er det lenge til elva er tilbake slik den var i stordomstida.

– Det er relativt tidleg i sesongen, og det har vore ein kald vår, så det er ikkje noko unormalt, seier Bjørum om dei vel 30 laksane som har blitt fiska så langt.

– Vi er enno ikkje tilbake i ein normalsituasjon og det vil ta mange år å byggje dette opp att. Men vi er glade vi har lærdalslaks i vill tilstand over fleire generasjonar, seier han.

Stemninga har vore upåklageleg, og nokre av fiskane som har blitt teke har vore opp i nærare 12 kilo.

– Stemninga er veldig god. Folk er glade for å kunne komme tilbake til Lærdal. Det er jo ei fantastisk vakker elv å fiske i, og det at det også vert teke fisk på mange strekkjer er kjempepositivt, seier Bjørum.

Men lusa set ein dempar

Men midt i gleda er det noko som uroar fiskarane. Lakselus. At ein del av laksen i elva har lus på seg er eit teikn på lusesituasjonen i Sognefjorden, fortel Bjørum.

– Lakselusa er ei saltvasslus, og opphavet er naturleg i sjøen. Men på grunn av oppdrettsnæringa er det store mengder i Sognefjordssystemet. Det gjer at laksen får ein del lus på seg, seier han.

Allereie før laksefisket starta frykta ein at lusa kunne bli eit problem. Talet på lus i Sognefjorden har nemleg gått kraftig opp i år.

Bjørum seier det er lite dei kan gjere med problemet.

– Saltvasslusa døyr etter vel to døgn i ferskvatn, så den vil ikkje vere noko stort problem for laksen når den har vore i elva i ein periode.

– Med mindre skinnet til fisken er såpass skadd, noko det kan vere i tilfelle. Då får ein raskare soppdanningar problem for laksen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Laksefiske i Lærdalselvi

NØGD: Fiskar Sebastian Letelier frå Chile fekk laks på åtte kilo.

Foto: Rolf Bjørum

Vil finne ut meir

Lasse Sælthun, som er leiar i Lærdal elveeigarlag, seier det ikkje treng vere noko dramatikk i situasjonen med lus på noko av fisken.

– No har det historisk vore litt lakselus på ferskkomen fisk, så dette vil eg sjekke litt nærare opp i, seier han til NRK.no.

Søkjer om løyve til å avlive kobbar

Fiskarane har også støtt på eit anna problem i helga. Nokre kobbar har også fått interesse for fisken.

– Det er observert nokre kobbar i elvemunningen, og dei herjar med laksen som går opp i elva, seier Bjørum.

Elveeigarlaget har i morgontimane sendt ein søknad om fellingsløyve til Fiskeridirektoratet.

– Dette er eit akutt problem, seier Sælthun.

– Det har gleda mitt hjarte

Alt i alt er dei uansett god nøgde med at ein har fått kome i gang att med laksefiske i helga.

– Vi er veldig nøgde med det som er av liv i elva, og det er mange nøgde fiskarar i dalen, seier Bjørum.

– Eg har sett fiskarane kose seg langs breiddene, så dette har gleda mitt hjarte, seier Sælthun.