Hopp til innhold

Dei har løfta fram kvinner i avisa i eitt år

MÅLØY (NRK): Menn dominerte spaltene og framsidene deira. Det ville journalistane i vesle Fjordenes Tidende endre på.

Marianne Solheim Rotihaug og Christina Cantero

LIKESTILT: Marianne Solheim Rotihaug (f.v.) og Christina Cantero i Fjordenes Tidende såg at menn dominerte i avisa deira.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har gjeve ei stemme til kjelder som vanlegvis ikkje ville vore i avisa.

Det fortel journalist Christina Cantero, som saman med kollega Marianne Solheim Rotihaug jobbar i Fjordenes Tidende.

Sidan mars i fjor har dei publisert 117 artiklar under fana «Likestilt». Her er alt frå intervju med sjølverklærte raudstrømper, nyheitsartiklar om kvinner i leiarstillingar og kvardagshistorier frå kvinner i ulike livssituasjonar.

Fleire undersøkingar både lokalt og globalt, syner at det er fleire menn enn kvinner som blir intervjua i media.

I kystbyen Måløy har den vesle avisa base med fem journalistar og om lag 4.400 i opplag. I går vart dei opplagsvinnar i Sogn og Fjordane, og feira med kringle.

– Det starta i forkant av kvinnedagen i fjor. Vi innsåg at det var menn som dominerte avisspaltene våre, fortel Rotihaug.

– Vi talte kor mange kvinner og menn som hadde vore på framsida. Det var tre gonger så mange menn som kvinner, utdjupar Cantero.

Fjordenes Tidende

TRADISJON: I 108 år har avisa Fjordenes Tidende kome ut i Måløy. Truleg har det aldri vore fleire kvinner i finne i spaltene.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Har det noko å seie at det er fleire menn enn kvinner i avisa?

– Vi meiner gode og viktige stemmer går tapt, viss kvinner vegrer seg for å stå i avisa. Nokre treng eit lite ekstra dytt frå oss for å stille opp.

– Det har vore alt frå tenåringsjenter til eldre damer i åttiåra. Det har vore ulike tema som likelønn, kvinner i leiarstillingar, og mykje anna.

Nasjonal merksemd på prestisjetung konferanse

No er dei invitert til SKUP-konferansen, den mest prestisjefylte journalist-konferansen i landet, for å fortelje om prosjektet sitt.

– Det blir utruleg spennande. Vi er veldig stolte over å bli inviterte. At eit prosjekt i ein så liten redaksjon blir lagt merke til nasjonalt, er utruleg kjekt. Vi synest prosjektet er viktig!

Dei utfordrar andre og større redaksjonar til å forsøke seg på liknande prosjekt.

– Det finst alltid nye fjes ein kan ringe til. Vi treng ikkje alltid ringe til dei same gamle. Viss vi brukar nokre minuttar ekstra på å gjere ein innsats, kan vi få meir balanserte avisspalter med både kvinner og menn.

– Ikkje så farleg å stille opp

Redaktør Erling Wåge er stolt over prosjektet, og vil at det skal leve vidare.

Erling Wåge på kontoret

STOLT: Redaktør Erling Wåge i Fjordenes Tidende er kry over at den vesle avisa sitt prosjekt får nasjonal merksemd. Sjølv skal han halde foredrag om Likestilt-prosjektet for dei om lag 40 redaktørane i Polaris Media-konsernet.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har fått ut mange historier som ikkje ville fått, om vi ikkje hadde bestemt oss for å oppsøke damene.

– Men kvifor ein eigen serie? De intervjua jo kvinner før også?

– Vi syntest det var mykje menn på hovudoppslaga våre. Og vi bestemte oss for at vi ville heie på damene dette året. Det førte til at vi tenkte annleis. Og dei vi kontakta såg at det ikkje var så farleg å stille opp som dei først trudde.