Hopp til innhold

– Eg blir vel lagt inn viss dette kjem ut

Helge Hafsås har sprunge 1270 gongar opp på det same fjellet Huaren i Olden. Men no gidd han ikkje meir – ikkje i år.

Hafsås og Huaren

HUAREN: – Det er vel ikkje heilt normalt, seier Helge Hafsås som på eitt år har sprunge 1270 gongar opp på denne fjellrabben i Nordfjord.

Foto: Montasje

– Det er vel ikkje heilt normalt. Eg er vel blitt nesten litt avhengig av turen. Eg tenkte at 1000 turar kunne vere eit mål, berre for å sette ein viss standard, ler Helge Hafsås frå Olden.

Hafsås er nok best kjend som maratonløpar. Men han har brukt den populære fjelltrimposten i Olden som ekstra motivasjon og trening til maratonløpa.

– Du får litt ekstra spenst, i alle fall følast det slik, av å springe opp der.

Høgt og luftig

Fjellrabben Huaren som ligg over tunnelen mellom Olden og Loen, om lag 380 meter over havet. Her kan ein nyte den flotte utsikta over Indre Nordfjord. Huaren er ein del av Olden fjelltrimgruppe sine 20 fjelltrimpostar som ligg ute frå 1. oktober til 1. oktober. Dermed vart siste turen tatt i helga.

– Eg har ikkje tenkt å gå opp att dit før neste år. Ikkje tale om. Eg gidd ikkje.

Han har fått ekstra motivasjon av folk som ikkje har trudd han kunne klare 1000 turar opp. Men for å komme seg opp 1270 gongar har han gjort fleire turar om dagen. Rundt 3 1/2 turar kvar dag.

– Eg synest ikkje dagen blir den same utan å ha vore opp der ein tur, så eg har brukt å stå opp klokka 05 for å rekke det, viss eg har klart å komme meg ut av senga. Men no tykkjer eg det er godt å sove lenge, humrar han.

Tar ikkje tida på seg sjølv

Turen opp og ned er om lag 8 km. Med om lag 380 høgdemeter å forsere blir det ei god treningsøkt.

– Viss eg drar litt på og pressar meg, så gjer eg unna turen på rundt 40 minutt. Men det er no sjeldan no.

Han seier han ikkje tar tida på seg sjølv eller noterer heime kor mange turar han har gått. Men Hafsås brukar ikkje berre beina for å komme seg opp på fjellrabben. Han har også brukt sykkel.

– Men det er nesten tyngre enn å springe.

Populær fjelltrim

Nokre av postane er meir populære enn andre. Huaren har hatt rundt 5000 besøkande i år, fortel Oddbjørg Myren Tonning som er leiar av gruppa.

– Dette har tatt heilt av, seier ho, og ler når ho høyrer at Hafsås har sagt han kan bli lagt inn viss dette kjem ut.

– Han har venta på at nokon i kvit frakk skal hente han, ler ho.

Det heilt nøyaktige talet på kor mange turar Hafsås har tatt på Huaren kan ho ikkje stadfeste, for alle turbøkene er ikkje samla inn. Men det blir gjort stas på idrettslaget sin basar med premieutdeling 8. november.

– Vi har ei anna, på andre sida av fjorden, som har vore på ein fjelltrimpost 755 gongar, så dette tur- og trimtilbodet er veldig populært, seier Myren Tonning.