Hopp til innhold

Har sju redningsdykkarar - men har ikkje vorte oppringt når det skjer ulykker

I halvanna år har West Dykkerservice hatt 24-timars beredskap på redningsdykkarar i Nordfjord og Vanylven. Trass i at dei har gitt sju av dykkarane sine redningsdykkarsertifikat, opplever dei at dei ikkje vert oppringde når det skjer ulykker.

Kragset

INGEN RINGJER: Dagleg leiar i West Dykkerservice, John Sindre Kragset, er oppgitt over at ingen nyttar seg av redningsdykkarane som er parate i Vågsøy.

Foto: Janne Weltzien Listhaug / Fjordenes Tidende

– Vi blir rett og slett ikkje kontakta, seier dagleg leiar ved West Dykkerservice i Måløy, John Sindre Kragset.

I Måløy har West Dykkerservice ein 24-timars beredskap på redningsdykkarar i Nordfjord. Dette har ein fått til gjennom ei avtale som er gjort mellom kommunane ved IUA Nordfjord og brannvesenet i Vanylven og West Dykkerservice.

– Vi dekkjer primært IUA Nordfjord og Vanylven. Men dei kan ringje, dei som vil. Vi er no der, seier Kragset.

Er eit tilbod til kommunane

Ein del av dei tilsette i West Dykkerservice jobbar fast på basen i Måløy. Tre av dei tilsette er frivillige i brannvesenet, både i Vågsøy og Vanylven.

At Nordfjord har redningsdykkarar tilgjengeleg til ei kvar tid, skuldast at West Dykkerservice har tilbode seg å gi denne tenesta til kommunane.

– Det er vi som finansierer det, og det er eit tilbod til kommunane, seier Kragset.

Bakgrunnen er at dei tilsette ved fleire høve har opplevd at dei har vore rett ved sidan av der ei ulykke har skjedd – utan å få lov til å hjelpe.

– Politiet har meint at vi måtte ha redningsdykkarsertifikat, sjølv om alle hjå oss har klasse 1-sertifikat, noko som er eit høgare sertifikat, seier Kragset.

Utdanna sju dykkarar til redningsdykkarar

Men dei tilsette vart samde om å gi sju dykkarar redningsdykkarsertifikat, slik at dei dermed kunne nyttast dersom det skulle vere behov for redningsdykkarar.

– Vi tok initiativ i lag med kommunane, og så utdanna vi sju redningsdykkarar i fjor gjennom Norsk Redningsdykkarskule, i tillegg til det som er klasse 1-sertifikat, seier Kragset.

Men trass i at desse grepa er tekne, har det vore stilt på telefonen til redningsdykkarane.

– Vi har ikkje vorte kalla ut på ei einaste ei, trass i at det har vore tre-fire ulykker i Nordfjord-regionen, seier Kragset.

Han legg til at det ikkje hadde gjort noko for utfallet av ulykkene, om dei hadde vorte brukte. Men han reagerer på at dei ikkje ein gong vert spurte.

– Vi les om ulykkene i avisene når vi kjem heim om kveldane, seier Kragset.

Han legg til at det tærer på motivasjonen når ingen nyttar seg at tilbodet som dei stiller heilt gratis.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bergingsarbeid

KREVJANDE: Bergingsarbeidet var svært krevjande på fylkesveg 55 i går, og det tok lang tid å få redningsdykkarar på plass.

Foto: Robert Jan Leerink

Får fleire forklaringar

– Vi har vurdert å leggje ned tilbodet kvar gong det skjer noko, og politiet ikkje ein gong gidd å ringje til oss, seier Kragset.

Noko klar forklaring på kvifor redningsdykkarane ikkje vert oppringt, har han ikkje.

– Vi får så mykje forklaringar, den eine skuldar på den andre, så eg veit ikkje, seier Kragset.

Då ein lastebil køyrde av vegen på fylkesveg 55 mellom Høyanger og Nessane tysdag, hadde West Dykkerservice tre personar som hadde vore tilgjengelege i Måløy på fem minuttars varsel, dersom dei hadde fått telefon.

– Kor raskt vi kunne vore på ulykkesstaden, kjem an på kor raskt vi kunne vorte henta av helikopter. Hadde Sea Kingen i Florø henta oss i Måløy, så kunne vi vore der på under ein time, seier Kragset.

Men han understrekar at det her ville vore snakk om lang tid, og at primæroppgåva for redningsdykkarane i Måløy er nærområdet, der dei har kort utrykkingstid.

Vurderer å leggje ned tenesta

Men då må dei ringjast, dersom noko skjer.

– Det er ein viktig jobb, dersom vi er nær. Det kan vere mange luftlommer i ein bil, så folk kan vere lenge under vatn. Er det kaldt i vatnet, er det store sjansar inntil ein time viss du vert plukka opp, seier Kragset.

Saman med dei tilsette har han vorte samd om å halde fram tilbodet i eitt år til.

– Men blir det ikkje brukt, så kjem vi til å leggje det ned, seier Kragset.

Har brukt mest redningsdykkarar frå Førde

Politiet i Sogn og Fjordane seier det er langt mellom sakene der ein treng redningsdykkarar.

– Dei sit på ein kompetanse som vi etterspør frå tid til annan. Men vi har svært få slike saker i vårt distrikt der vi treng redningsdykkarar, seier Stig Inge Hauge ved Sogn og Fjordane operasjonssentral.

Han understrekar at han ikkje har statistikk på dette.

– Dei seier at dei ikkje vert kontakta, kvifor ikkje?

– Vi har hatt utkalling av redningsdykkarar gjennom AMK i Førde, som har hatt redningsdykkarar i eit samarbeid med luftambulansen, og det er den kompetansen vi har brukt mest, seier Hauge.

Dei frivillige redningsdykkarane i Førde Røde Kors vert tilkalla ved behov, og rykkjer ut så snart dei kan. Men då ulykka ramma onsdag, hadde dei ingen på vakt. Dermed tok det svært lang tid før redningsdykkarar kom til ulykkesstaden der ei ung kvinne omkom på fylkesveg 55.

– Er ikkje kompetansen til West Dykkerservice godt nok kjend?

– Vi har dette dykkarselskapet i våre planar, men på grunn av nærleiken til luftambulansen i Førde, så er det Førde som har vorte brukt, seier Hauge.