Hopp til innhold

Har kjend seg åleine under Fjord1-saka

Fylkesrådmann Tore Eriksen har vore i fokus som den fremste ansvarspersonen i Fjord1-saka, og må no svare for seg til kontrollutvalet i fylkeskommunen.

Tore Eriksen fylkesrådmann

HAR ANSVARET: Når konsulenttenestene i Fjord1-salet no blir granska, er det Tore Eriksen som har ansvaret. Det er krevjande for fylkesrådmannen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er ei veldig krevjande sak. Når du er øvste administrative sjef i ei bedrift, står du av og til litt åleine, og det føler eg kanskje at eg gjer i denne saka, seier fylkesrådmann Tore Eriksen.

Formelt er det han som er ansvarleg for dei omstridde konsulenttenestene i Fjord1-saka.

– Eg er avhengig av å ha ein profesjonell arbeidsgjevar. Fylkestinget og fylkesordføraren er min arbeidsgjevar, og eg er avhengig av at dei handterer meg på ein riktig måte. Stort sett blir eg skikkeleg behandla derifrå.

Tillit til han ikkje har tillit

I løpet av Fjord1-saka har fleire fylkespolitikarar sagt at dei ikkje har tillit til rådgjevarane. Tidlegare har fylkesrådmannen sagt at ein mistillit til rådgjevarane er ein mistillit til han sjølv. Men han synest han har den tilliten han bør ha, frå fylkestinget.

– Det er litt som Per-Mathias Høgmo seier, ein har tillit til ein ikkje har det lenger. Det er litt slik eg kjenner det òg. Eg forheld meg til politiske organ, som gjer dei vedtaka som eg må følge opp, seier Eriksen.

Frank Willy Djuvik

SKAL DRØFTE KJØPE: Frank Willy Djuvik (Frp) sit i kontrollutvalet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Frank Willy Djuvik (Frp) og kontrollutvalet skal framover drøfte om kjøpa av dei eksterne konsulenttenestene har vore i tråd med lov om offentlege innkjøp. For han er ikkje spørsmålet om tillit viktig i dette arbeidet.

– Det legg ikkje kontrollutvalet seg borti. Vi vurderer no om vi følger dei rutinane som gjeld og om regelverket blir følgd. Så får det vere opp til fylkestinget og politikarane å gjere dei politiske vurderingane av det, seier Djuvik.

– Bryr meg berre om vedtak

Eriksen vil heller ikkje bry seg om kva politikarar meiner om deira tillit til arbeidet hans.

– At det kjem enkeltuttaler frå enkeltpolitikarar i fylkestinget, kan eg ikkje forholde meg til. Førebels har eg ikkje fått noko vedtak som peiker i retning av at fylkesutvalet eller fylkestinget har noko form for mistillit til meg.

– Har du ditt på det reine?

– Det kan eg ikkje svare på, for vi jobbar med sakene no. Mitt utgangspunkt er at det eg har på det reine, vil eg gjerne vise til. Medan i den grad eg har gjort feil, vil eg vere open og ærleg på det.