Hopp til innhold

Har ikkje vakter til akuttmedisin

Sjukehusforkjempar meiner det har blitt utrygt å bu i indre Sogn.

Lærdal sjukehus
Foto: unknown / NRK

Sidan tysdag har sjukehuset i Lærdal ikkje teke inn akuttmedisinske pasientar:

Omorganiseringa ved sjukehuset har ikkje nok folk til å ta vaktene.

- Eg hadde ikkje trudd det var mogleg at ein slik situasjon kunne oppstå. Eg manglar ord for å seie kva eg føler, seier lokalsjukehusforkjempar Bente Øien Hauge.

Skulle bli betre

Omorganiseringa av sjukehuset skulle gjere at vaktplanane vart meir robuste enn tidlegare. Men allereie første dagen måtte sjukehuset sende akuttmedisinske pasientar til Førde, fordi dei på grunn av sjukdom ikkje klarer å fylle vaktlistene.

Direktør Arve Varden ved medisinisk klinikk i Helse Førde avviser kritikken, og meiner situasjonen er udramatisk.

- Eg kan ikkje meine noko om at det har blitt sjukemeldingar. Vi meiner at vi sikrar pasientane våre eit best mogleg medisinisk tilbod ved å organisere tenestene våre på denne måten, seier han.

- Ikkje godt nok

Bente Øien Hauge slår seg likevel ikkje til ro med svaret frå Helse Førde. Ho er rysta over situasjonen som har oppstått ved sjukehuset i Lærdal.

- Det er overhodet ikkje godt nok. Helse Førde har ansvar for å organisere sjukehuset slik at det kan halde ope. Det er no openberrt at Helse Førde ikkje har klart det, meiner Øien Hauge.

- Det er eg ikkje samd i. Vi er i startgropa på dette. Når det har fått sett seg, og vi har fått organiseringa heilt på plass, så meiner vi at vi har ein meir robust organisasjon, repliserer Varden.

Han meiner omorganiseringa til slutt skal bli til det beste for pasientane.