Tysdag kom rapporten som syner at bybane frå Bergen sentrum til Åsane vil koste fleire milliardar meir enn forventa. Alle alternativa blir dyrare enn ein trudde, uansett kva løysing ein landar på.
Men rapporten slår og fast at tunnelalternativa i sentrum står fram som umodne og ikkje har komme like langt i planlegginga som traseen på gateplan forbi Bryggen.
– Dette har eg sagt frå dag ein. Fagavdelinga har konsentrert seg om dagalternativa, og latt vere å sjå på moglegheita for å legge bybanen i tunnel gjennom sentrum. Det syns eg er merkeleg, seier Eiler Macody Lund frå byrådspartiet Frp.
– Kven har ansvaret for det?
– Det er byråden, Filip Rygg, meier Frp-leiaren.
– Det står svart på kvitt
Dette skriv kvalitetsikrarane i rapporten:
- Dagalternativet: det er denne traseen som har komme lengst i detaljering.
- Tunnel under Christies gate: Dette alternativet er ikkje like gjennomarbeida.
- Tunnel i Peter Motzfeldts gate: Delalternativet kan vera meir umodent enn det andre tunnelalternativet.
På ein karakterskala frå 1 til 6 får dagalternativet karakteren 2 og tunnelalternativet karakteren 4 i kategorien "prosjektmodenhet".
IKKJE GODT NOK UNDERSØKT: Det seier Harald Schjelderup (Ap) om tunnelalternativet gjennom sentrum.
Foto: NRKMacody Lund får støtte i kritikken frå opposisjonen med Harald Schjelderup i Arbeidarpartiet.
– Dessverre stadfestar dette det me har påstått ganske lenge.
LES OGSÅ:
Bybanetraseen over Bryggen er langt betre greidd ut enn tunnelalternativa i sentrum. Det vert slått fast i kvalitetssikringa av bybanetraseen mellom sentrum og Åsane.
NATURLEG AT DAGLØYSINGA FÅR MEST MERKSEMD: Det meiner Byutviklingsbyråd, Filip Rygg (KrF).
Foto: Andreas Grimsæth / NRK– I rapporten står det svart på kvitt at tunnelalternativa ikkje er godt nok gjennomarbeida, seier Harald Schjelderup (Ap).
Naturleg at dagløysinga får mest merksemd
Byutviklingsbyråd Filip Rygg (KrF) går ikkje med på at tunnelalternativa i sentrum er venstrehandsarbeid.
– Det er heilt naturleg at ein har sett mest på dagløysinga. Me har bygd bybanen slik heilt til Flesland og veit mest om denne måten å bygge på.
Han meiner Byrådet har undersøkt moglegheita for å legge Bybanen i tunnel godt nok.
– Etter å ha gjort det har me komme fram til nokre løysingar som er moglege å gjennomføre, seier Rygg.
LES OGSÅ: