Hopp til innhold

Har ikkje trua på at det blir via ferrata

No er parkeringstomta kjøpt inn, men Marino Ask i Sogn og Fjordane turlag trur framleis ikkje det blir noko av den planlagde jarnstien på Hornelen.

Hornelen/Marino Ask

IKKJE TRUA: Marino Ask trur ikkje det vert noko jarnsti på Hornelen

Foto: NRK

– Det passar rett og slett ikkje å byggje ein via ferrata i det området, det er ein heilt feil plassering, seier Ask.

Fleire reiselivsaktørar forsøkjer å få på plass ein såkalla via ferrata opp til den spektakulære sjøklippa Hornelen i Bremanger. Mellom anna Knutholmen i Kalvåg står bak, og Jan Fredrik Fosse der har no kjøpt ei tomt han meiner vil egne seg som parkeringsplass til anlegget.

Ingen parkeringsplass i dag

– I dag står folk parkert langs vegen, eller på gardsområdet til den lokale bonden. No vil vi byggje både parkeringsplass og sanitetsanlegg som kan nyttast av både folk som skal gå i via ferrata eller vanlege turgåarar, seier Fosse.

Men trass i at parkeringstomta er kjøpt inn kjenner Ask i turlaget seg trygg på at det ikkje kjem til å bli noko av jarnstien.

– Dette er eit område der vêret kan skifte veldig fort. Ein kan byrje på turen i fint ver, og så kan det plutseleg bli regn og kraftig vind. Eg trur rett og slett ikkje det er forsvarleg med ein slik sti der ute, seier Ask.

Hornelen

SKIFTANDE VER: Vêret ute på kysten kan skifte fort

Foto: Bjarne Eldevik

Men Fosse avfeiar denne kritikken. Han trur ein via ferrata vil gjere det tryggare å gå på Hornelen enn det som er tilfellet i dag.

– Det kan alltid vere farleg å gå på fjellet, men med ein via ferrata legg vi til rette for at det skal bli tryggare å gå i området.

Den planlagde ruta til Hornelen

JARNSTI: Jan Fredrik Fosse og fleire andre med han vil byggje ein jarnsti på Hornelen

Foto: Visit FjordKysten AS

– Ein svært veleigna stad

Fosse er på si side heilt sikker på at jarnstien kjem til å bli ein realitet.

– Eg kan rett og slett ikkje forstå noko anna, det er jo så mange som er positive til det her. Vi har og hatt ein ekspert på via ferrata på synfaring i området, og han meiner at dette er ein av dei mest egna plassane han nokon gong har sett for eit slikt anlegg.

Men Ask har ikkje inntrykk av at folk i området berre er positive.

– Eg har fått mange telefonar ifrå folk i Bremanger som reagerer veldig på at det no skal byggjast parkeringsplass. Det kjem jo til å koste pengar å parkere der, så det er ei kommersialisering og privatisering av eit turområde som i dag er ope og fritt.

Hornelen i kveldssol

HORNELEN I KVELDSSOL: området rundt Hornelen i Bremanger er ganske spektakulært

Foto: Ragnar Furnes

Fryktar vi svekkjer eit fyrtårn

Ask er ikkje motstandar av via ferrata uansett, men meiner at det er mange andre stadar som egnar seg betre.

– Hornelen er eit fyrtårn. Nord-europas høgste sjøklippe og eit av dei mest særeige fjella vi har. Det er veldig synd om dette området skal stengast av for vanlege turfolk, seier han.