Hopp til innhold

Har ikkje spart ei einaste krone

Helse Førde sparte ikkje ei einaste krone på budsjettet siste månaden.

Styremøte i Helse Førde
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Det viser det økonomiske oversynet som blir lagt fram for styret i morgon.

Budd på å bli kasta

Budsjettsprekken ligg framleis an til å bli 87 millionar ved årsskiftet - slik prognosen også var for ein månad sidan. Styreleiar Clara Øberg vedgår at det er alvorleg at dei ikkje greier å etterkomme krava frå eigaren Helse Vest. Ho innser at styret kan bli kasta av den grunn.

- Vi er budd kvar dag på å bli kasta og set ikkje lenger enn det eigaren ynskjer at vi skal sitte, seier ho.

Redninga for styret

Helse Førde vart pålagt av Helse Vest-styret å drive i samsvar med budsjettet ut året for å ikkje gå 87 millionar kroner i minus. Men i september sprakk det eine budsjettet etter det andre. I tillegg gjekk inntektene på pasientbehandlinga ned med 3,5 millionar kroner.

Redninga for Helse Førde-styret kan vere at det vert vanskeleg for Helse Vest å finne nye medlemer til styret her i fylket. I tillegg er styreleiar Øberg, nestleiar Kjell Opseth og Jorunn Ringstad medlem av raudgrøne parti. Regjeringa vil nok reagere om desse blir kasta.